– Alle i Noreg bør kunne lære seg samisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle bør lære seg samisk

– Vi vil at alle i heile Noreg skal kunne lære seg samisk, og ikkje minst få ei forståing for den samiske kulturen, seier Mariann Wollmann Magga og Heidi Greiner Haaker til NRK.

Dei to representerer Arbeidarpartiet på Sametinget.

– Vi foreslår å setje av 5 millionar kroner på neste års sametingsbudsjett til prosjektet «Ofelaš – bli kjent med samisk språk og kultur», seier Ap-politikarane.

LES OGSÅ: Berre 20 snakkar dette språket

– Språkopplæring og folkeopplysning for heile Noregs befolkning skal prioriterast i Sametingets budsjett. Samisk språk skal vere med på å auke kunnskapsnivået og synleggjere livet til samane og dermed skape større respekt og forståing, seier Magga og Haaker.

Dei to foreslår at fagmiljø innan allmennkringkasting, nettbasert språkopplæring, pedagogikk, IT, språk, læremiddelprodusentar, pedagogar og kulturformidlarar vert inviterte til eit samarbeid med Sametinget for å utvikle eit konsept for språkopplæring via fjernsyn og internett. (©NPK)

Kva synest du om forslag om satsing på samisk?