Alle born i Afrika er foreldrelause

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg er ganske viss på at dei fleste av oss i Noreg har temmeleg like oppfatningar om Afrika og bistand. Vi har eit bilete av Afrika som eit fattig kontinent som er avhengig av bistand frå resten av verda. Det kjem bilete på netthinnene våre om born med oppblåste magar og store, sørgjelege auge, som sit og ventar tolmodig på utdeling av matrasjoner frå lastebilar med kvite hjelpearbeidarar. Andre bilete som dukkar opp, er ein glad afrikansk unge, som sit takknemleg, gjerne på fanget til ein tårevåt kjendis etter å delt si sørgmodige livshistorie og fått mat, klede og leikar som ”betaling”.

Ein ting er sikkert, det er at vi har svært like oppfatningar og haldningar  til Afrika og bistand. Kanskje blir desse oppfatningane og haldningane for generaliserande? Samsvarer informasjonen vi sit igjen med etter å ha sett på nyheitene, med verkelegheita? 

Omgrepet ”stereotypiar” er eit forenkla mentalt bilete av eit individ eller ei gruppe menneske som har nokre felles karakteristiske kvalitetar. Omgrepet blir  ofte nytta i negative samanhengar, og stereotypiar blir sett på av mange som ikkje ønska meiningar som kan endrast gjennom utdanning og/eller kunnskap.

Døme på slike stereotypiar kan vere som nemnt i overskrifta ”Alle born i Afrika er fattige” eller ”Afrika er eit underutvikla kontinent ”.

Kva bilete har me eigentleg av Afrika? Afrika blir støtt og stadig skildra som eit ”land” beståande av fattigdom, sjukdom, krig, korrupsjon og manglande skulegang. Mens på den andre sida kan me lese skjønnlitteratur om eit kontinent der kvite menneskje reiser på fantastiske oppdagingsferder og jaktar på eksotiske dyr i blodraude solnedgangar. Problemet med stereotypiar er at dei ikkje treng å vere usanne, men at dei ofte er ufullstendige. 

I vår tid vert stereotypiske haldningar til Afrika særleg danna gjennom nyheitsreportasjar på TV og internett og store, etter mi meining svulstige innsamlingsaksjoner: Utsvoltne born med hoven buk og tomme blikk stirrar inn i kameraet medan ein instrumental melodi representerer dødskamp og innbydande sympati i bakgrunnen.

Vårt bilete av Afrika stemmer ikkje. Afrika er meir enn fattige born som er avhengig av bistand frå Vesten. Afrika er det nest største kontinentet i verda, landområda utgjer 20 prosent av landmassen i verda. Det består av over 50 forskjellige land. I 2009 passerte Afrika 1 milliard innbyggjarar. Afrika er eit kontinent med enorm verdiskaping og ei lys framtid. 

Det ligg eit stort samfunnsansvar på dei som formidlar eit einsidig bilete av Afrika. Problemet med stereotypiar er at dei hindrar oss i å sjå andre sider og mange gongar viktigare sider av verkelegheita. Stereotypiske bilete av Afrika avsannar derfor verdsbildet, som i verste fall kan vere direkte skadeleg for å forstå Afrika og utfordringane som dei ulike landa står ovanfor.  

Formidling av slike haldningar bidreg til å forsterka dei allereie eksisterande stereotypiske haldningane. Det gjer det svært vanskeleg å endre synet vårt til eit realistisk og korrekt bilete.

La meg trekke ein parallell til reklame-verda. Det er ikkje utan grunn at produsentar bruker store summer på reklame for produkt og produktplassering. Det er for at forbrukarane skal kjenne att produkta og kjøpe desse. Det er basert på grundige vitskaplege undersøkingar som dokumenterer blant anna at gjentaking skaper gode forbrukarar. Den same effekten meiner eg vi finn innanfor stereotypisk tenking.  Jo fleire gonger ein høyrer ei stereotypisk haldning, desto lettare har det for at det festar seg som ei sanning. 

Eg har eit håp – eller ein tese –  om at dersom media held fram med berre å gje oss stereotypisk informasjon, så kjem vi til eit punkt at vi tenkjer: nei, dette er ikkje rett – Afrika er noko meir. Vi lever i eit moderne samfunn med vid tilgang til informasjon. Vi har aldri hatt betre tilgang til informasjon.  Eg meiner, og det er allereie ein tendens til ironisering over vår eigen oppfatning, at det vert laga filmar kor Noreg mottar bistand frå Afrika,  og her heime kan vi sjå musikkvideo frå Ylvis med ”Live Aid” om eit skilt som manglar i Sogn.