500.000 unge krev framtidsombod

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) går inn for å etablera eit framtidsombod i Noreg. LNU har rundt hundre medlemsorganisasjonar og representerer heile 500.000 born og unge.

Det er organisasjonen Spire som det siste året har gått i front for å få etablert eit nasjonalt ombod for framtidige generasjonar. Ombodet skal sikre eit meir langsiktig og berekraftig perspektiv i alle politiske prosessar, og sørgja for at omsynet til etterkomarane blir tatt vare på. Førebels har 29 norske sivilsamfunnsorganisasjonar og alliansar stilt seg bak kravet, aller sist altså LNU, som vedtok ombodet i politisk program på Barne- og ungdomstinget tidlegare i veka.

– Me får stadig tilslutning frå nye organisasjonar til dette forslaget. Til dømes vedtok Miljøpartiet Dei Grøne nyleg ein resolusjon om Framtidsombodet på landsmøtet sitt. Fleire andre kjem til. Det er flott å sjå at så mange ulike organisasjonar einest om dette kravet, og at ein skjønar at framtida er noko som angår alle, fortset Sandnæs.

LES OGSÅ: Grønt krav om framtidsombod

Kampanjeleiaren understrekar at Framtidsombudet skal jobba for både sosiale rettar og miljørettar for nordmenn i framtida. Bare ved å vega langsiktige konsekvensar opp mot kortsiktig økonomisk gevinst, vil ein kunne oppnå ein reell berekraftig utvikling. Spire har no sendt eit brev til fem av komiteane på Stortinget, der dei ber om møte og ein diskusjon omkring korleis eit framtidsombod kan etablerast. Siv Maren Sandnæs håpar på positive svar frå komiteane.

– Me har inga tid å mista. Samfunnet vårt er ikkje berekraftig, og framtidige generasjonar er nøydde til å ta rekninga om me ikkje finn ei løysing. Det er ansvaret til politikarane å sørgja for ei berekraftig utvikling, og ein måte å bidra til det på er å etablera eit politisk uavhengig framtidsombod. Framtida tel no, seier ho.

LES OGSÅ: – Politikken er for kortsiktig