Endelig naken

Naken-stunt gir håp.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det såkalla naken-stuntet i Oslo Domkirke på Kristi himmelfartsdag gir håp.

Det høyrest kanskje rart ut.

Ein gjeng langhåra slaskar simulerer sex i ei kirke, påstår at dei gjer det for å støtte Einar Gelius, og får ganske mykje merksemd. Gir det håp?

Ja, det gjer faktisk det. Masse håp. Eg kjem tilbake til det.

Men først det opplagte:

Eg har ikkje tenkt å gjere narr av journalistar som skriv om slike saker. For eg forstår godt at det er veldig vanskelig å la vere.

Eg trur jo ikkje at når sex-simulering i kirka blir toppsak i nettaviser og førsteside i papiraviser, så er det fordi folk som jobbar i store avishus synest dette er vesentlig, eller nødvendig, eller ein viktig del av samfunnsoppdraget.

Men når tipset kjem, om nakne folk i kirka, så forstår eg jo at ein ikkje berre legg det vekk.

Og når ein har undersøkt litt meir og funne ut kva saka eigentlig handlar om, så trur eg jo at folk som jobbar i store avishus er innom alle innvendingane: Dette er berre ein gjeng som er desperat etter merksemd, skal dei verkelig få det?

Har det ikkje vore nok Gelius no?  Går vi ikkje rett i fella no og gir dei akkurat dei vil ha?

Speler vi ikkje opp til alle tabloid-klisjeane?

Er ikkje dette for dumt?

Eg er sikker på at alt dette blir diskutert. Og mykje meir. Likevel: Eg forstår at det er vanskelig å la vere.

Og når ein faktisk har komme så langt at ein sitt og skriv saka, eller når ein ringer biskopar for å få kommentarar, så trur eg ikkje det er sånn at journalisten nødvendigvis kjenner seg stolt eller lykkelig.

Men altså: Eg forstår at det er vanskelig å la vere. Og det er mange grunnar til at det er vanskelig å la vere.

For det første, la oss vere ærlige: Det er veldig mykje morsommare å lese om nakne folk i kirka enn det er å lese om – tja, rovdyrforvaltning? Senterpartiets valkampbudsjett? Rosenborg?

Og det er sjølvsagt også mykje morsommare å skrive om nakne folk i kirka enn det er å skrive om Senterpartiets valkampbudsjett. For ikkje å snakke om kor mykje morsommare det må vere å illustrere.

Og du veit at folk kjem til å lese det. Og du veit at folk kjem til å kommentere det. Og debattere det. Og du veit at nett-debattane kjem til å bli underhaldande. Folk kjem til å skrive ting som: «Hva med å vise litt respekt for det hellige? Jævla forbanna tullinger!»  Og ein kan seie mykje om slike utsegner. Men direkte kjedelig er det jo ikkje. Og kjedelig er det nok av andre ting som er.   Dessutan veit du at andre kjem til å omtale saka, og viss ikkje di avis gjer det, så risikerer du berre å stå igjen som den pripne og jålete avisa som kjenner seg for god til å skrive om uhøgtidlige tøysesaker.

Så eg har all mulig forståing for at sjølv om det finst mange innvendingar – og sjølv om innvendingane er lette å finne – så er det veldig vanskelig å la vere å skrive om slike saker.

Og derfor kan vi vere ganske sikre på at neste gong noko liknande skjer, så blir det også omtalt.

Og det er der håpet ligg: I tanken på neste gong.

For neste gong er det kanskje ein heilt annan type person som forstår kor vanskelig det er å la vere å skrive om slikt. Ikkje langhåra aksjonistar med uklare mål. Men kanskje ein ganske anonym slitar. Med ein god idé. Ein ordførar, for eksempel, som har stått på saman med alle andre i kommunen sin, for å gjere lokalsamfunnet best mulig. Og saman har dei kanskje funne ut av ting. Dei har laga ein modell som kan fungere også i større samfunn. Kanskje har dei rett og slett løyst dei store samfunnsproblema, der i den vesle kommunen. Dei har svara. Men ingen vil høyre etter. For ordføraren er ikkje kjent utanfor kommunen. Og modellen deira er litt vanskelig å forklare. Men han fungerer. Så folk bør absolutt få vite om det.

Og ein dag ofrar ordføraren seg. Han gjer det som må gjerast. Han opnar kommunestyremøtet med å stille seg midt på golvet og la buksene falle. Så står han der. Og ventar. Ventar til ein av kommunestyrerepresentantane tek ansvar, finn fram mobilen og tek bilde. Så smiler dei til kvarandre, fotografen og ordføraren.

Endelig, tenker dei. Endelig er det vår tur.

Denne artikkelen stod på trykk i Aftenposten 4. juni.