Nytt undervisningsopplegg for ungdomsskulen skal ta føre seg det sosiale aspektet ved FN sine berekraftsmål.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Berekraftig utvikling har ein sosial, økonomisk og miljømessig dimensjon. Av desse tre har det sosiale aspektet vore mindre fokusert på og kjent. Dette skal undervisningmateriellet bidra til å gjere noko med, seier Marianne Støle-Nilsen i ei pressemelding.
Ho er lærar og seniorrådgjevar i Sex og Politikk. Med støtte frå Norad har organisasjonen no utvikla eit nytt undervisningsopplegg for ungdomsskulen. Det fokuserer på berekraftsmåla for helse, likestilling og utdanning, og korleis seksuell og reproduktiv helse og rettar er integrert i dette.
Målet er å få elevar som er opplyste om og engasjerte for FN sine berekraftsmål.
– Berekraftig utvikling er ikkje mogeleg utan helse, likestilling og utdanning, seier Støle-Nilsen.
Les også: Lege: – Folk flest veit for lite om kvinnekroppen
Seksualundervisning i statsbudsjettet
Tidlegare i oktober etterlyste Sex og Politikk ei politisk satsing på betre seksualundervisning i skulane, men organisasjonen var skuffa då dette ikkje vart tilgodesett i statsbudsjettet.
– Vi veit at seksualitetsundervisning er heilt sentralt for at barn og unge skal kunne leve gode liv og ta gode val for seg sjølve og i møte med andre, sa dagleg leiar i Sex og Politikk, Tor-Hugne Olsen, då.
Han fekk då støtte også frå Elevorganisasjonen.
– Kompetansemåla i seksualundervisninga er der, men skulane har ikkje nok kompetanse, sa leiar Agathe Waage.
Det nye undervisningsopplegget vil vere gratis og elektronisk tilgjengeleg for lærarane. Det vert lansert på Sex og Politikk sin konferanse Fagfornyinga: Seksualitet, berekraft og tverrfarligheit på OsloMet, måndag 29. oktober. Konferansen vil fokusere på korleis seksualitet og berekraft kan verte ein del av den tverrfaglege undervisinga.
Les også: Panfile Rebecca (16) vil ha betre seksualundervisning