Gjer meir lekser og skulkar mindre

Myten om lat ungdom tilbakevist av både statistikk og forskarar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eldre har til alle tider klaga på ungdom. Men no slår ein ny rapport fast at ungdomen i fjor var både flittigare og meir pliktoppfyllende på skulen enn for åtte år sidan.

Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm (Ap) er blant dei som har uttalt at ho er skremt av lat ungdom. Dette er feil, seier forskar Tormod Øia ved NOVA til onsdagsutgåva av Aftenposten.

Strevsam kvardag
– Eg kan ikkje sjå at det er nokon grunn til å hevde at ungdomen er latare og slappare enn før. Tvert imot så har dei ein nokså strevsam kvardag, seier Øia til avisa.

Han kan vise til ein fersk rapport som viser at 9.- og 10.-klassinger, som tradisjonelt er på sitt mest skoletrøtte, faktisk var flittigare i fjor samanlikna med for åtte år sidan. I 2002 var det 36 prosent av elevane som brukte ein time på leksene kvar dag. Åtte år seinare steig talet til 44 prosent. I 2002 var det 51 prosent av elevane som hadde droppa leksene i løpet av ei veke. I 2010 var talet nede i 41 prosent.

Ikkje tid til å vera slapp
Kollegaen hans Åse Strandbu peikar på at ungdomane i dag er meir fysisk aktive enn før, medan professor Gunnar Breivik ved Noregs idrettshøgskole seier ungdomen ved sida av skule og trening nestan ikkje har tid til anna enn å ete og sove.

– Vaksne har alltid snakka om latskapen til ungdomen, udugelighet og manglande moral. Det er feil, men verda ser annleis ut no enn før, og er i stadig forandring, seier han.

Kva meiner du om dette? Del tankane dine i kommentarfeltet!