Sogn og Fjordane vil ta opp nynorsk-kampen
Sogn og Fjordane Høgre stemte mot forslaget på Høgres landsmøte om å gjere skriftleg sidemål i ungdomsskulen valfritt. No vil dei ta saken vidare.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ta opp kampen for nynorsk
Ifølgje avisa Firdaposten ser fylkespartiet for seg å ta opp saken når valprogrammet for kommande stortingsperiode skal utarbeidast.
– Vi trur at sidemålsopplæring er viktig både for elevane og for framtida til dei to jamstilte skriftspråka våre, seier fylkesordførarkandidat Noralv Distad frå Aurland lokalpolitikar og 1. vara til Stortinget for Høgre – Jacob Nødseth frå Florø til avisa.
Dei er glade for at både partileiar Erna Solberg og 1. nestleiar Jan Tore Sanner var med og røysta mot vedtaket under årsmøtet som fann stad sist helg.