Laga verdas minste animasjonsfilm
Med ein figur på berre ni millimeter og filma med eit mobilkamera, har animasjonsfilmselskapet Aardman Studios laga stop motion-filmen «Dot».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høyrt om CellScope? Det er ein Nokia-telefon med eit påkopla mikroskop, utvikla ved Fletcher-laboratoriet i Berkeley.
No er det laga ein minifilm med utstyret. Det er gjort hos animasjonsfilmselskapet Aardman Studios. Filmkameraet er mobilkameraet på ein Nokia, med 12 megapixel og Carl Zeiss-optikk.
Les også: Elevane får bruka både laser og 3D-skrivar
Mark Mccall og Richard Dorey har jobba på filmen. Dei fortel at teknologien der ein kombinerer mobilkamera med mikroskop, kan brukast til å filme bittesmå blodceller, diagnostiserer sjukdommar og bidra til å redde liv.
Dei bestemte seg for å feire teknologien med å lage verdas minste film, med same teknologi.
For å filme med så smått utstyr, måtte dei òg ha bittesmå figurar. Det fortel nettsida animationboss.net.
Figurar på berre ni millimeter
Hovudkarakteren i filmen, er ei minijente på berre 9 millimeter. For å få henne til å bevege seg, måtte dei lage femti forskjellige variantar av same jente i forskjellige positurar.
I filmen kjempar jenta, som dei kallar «Dot» i ei miniverd. Ei gigantisk fillerye rullar etter henne, og ho må springe for å sleppe å bli innrulla.
Sjå videoen frå Sumo Science her:
Fire sekund film per dag
Å bruke denne teknologien til å lage film tek tid. Teamet laga om lag fire sekund film per dag.
Chris Entwistle er hovudansvarleg for dei bittesmå figurane i filmen. Han fortel at dei først teikna modellane, for så å bruke eit 3D-program, der dei printa alle figurane med ein 3D-printer.
Dokkene er handmåla.
–For å måle dei, må eg slutte å prate og halde pusten i nokre sekund, fortel Entwistle i filmen, publisert på animationboss.net.
Sjå filmskaparane fortelje korleis dei har laga filmen her:
Les også: Hva vil folk si er norsk Oscar-kandidat