Rekordmange norske elevar vil gå på skule i Frankrike
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Til saman 78 norske ungdommar har søkt om å ta heile den vidaregåande opplæringa si i Frankrike. Det er 30 prosent fleire enn snittet dei siste ti åra. Berre 22 av søkjarane får plass.
Noreg og Frankrike har sidan 2018 hatt eit utdanningssamarbeid der norske ungdommar kan ta graden Baccalauréat Géneral ved lycéer i Rouen, Bayeux og Lyon. Sidan ordninga blei oppretta for 100 år sidan, har søkjartalet til dei 22 plassane aldri vore høgare enn i år, fortel Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).
Les også: Rekordmange studentar på utveksling
Fleire jenter søkjer seg til Frankrike
Dei fleste av søkjarane er jenter. Berre eit lite mindretal på 14 er gutar.
Utdannings- og forskingsråd ved den norske ambassaden i Paris, Fred Arild Pettersen, meiner det er viktig med internasjonal kompetanse og språkkunnskapar og synest det er gledeleg at norske ungdommar søkjer seg til Frankrike. Samtidig strekar han under at det er viktig å arbeida målretta for rekruttera fleire gutar.
Hundreårsjubileet for ordninga skal i år markerast 24. september i Rouen med både noverande og tidlegare elevar. Pettersen håpar merksemda rundt 100-årsfeiringa kan motivera fleire norske gutar og jenter til å velja fransk og Frankrike.
Les også: Stina valde å studere i London