Vil flytta statsjobbar ut av Oslo

63 prosent ønskjer å flytta statlege arbeidsplassar ut av Oslo.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil flytta jobbar i staten ut av Oslo

Dette viser ei undersøking av Sentio på oppdrag for avisa Nationen. I distrikta er det heile 75,9 prosent som vil flytta fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo-gryta.

Sidan 2005 har 600 statlege arbeidsplassar blitt flytta eller vedtatt flytta. Dette er berre tiandeparten så mange som landsmøtet til Senterpartiet i 2005 ønskte å flytta.

Rekordstor Oslo-vekst
Samstundes har det vore ein stor auke i statlege arbeidsplassar i sentrale strok. Alle dei store byane i Noreg har opplevd ein stor folkevekst dei siste ti åra. I Oslo auka folketalet med 2,1 prosent i løpet av 2010. Ingen andre storbyområde i Europa kan visa til større prosentvis vekst i folketalet.

I Stavanger var talet 1,8 prosent, medan det er noko lågare i Bergen og Trondheim.

Treng tøffare politikk
– Me må jobba for få ein tøffare politikk på området. Me ser at lokalisering av arbeidsplassar og kompetanse er viktig i forhold til å skapa vekst og utvikling rundt omkring, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) til Nationen.

Rett under 40 prosent av dei spurte i Oslo har lyst til å flytta statlege arbeidsplassar ut av hovudstaden.

Kva meiner du? Bør staten flytta fleire arbeidsplassar ut av Oslo?