Ein maktfaktor i valet
Valdeltakinga blant ikkje-vestlege innvandrar låg på berre 35,6 prosent ved sist lokalval. Det skal minoritetsungdom no gjere noko med!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Torsdag arrangerte Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) eit seminar om minoritetsungdom og valdeltaking. LNU skal gjennom kampanjen Stem1209 få fleire ungdommar til å stemme.
Blant innleiarane på seminaret var Johannes Bergh frå Institutt for samfunnsforsking. Han meinte at deltakinga ved val er ein indikator på kor vellukka integreringa er.
Forsking frå Institutt for samfunnsforsking syner diverre at valdeltakinga i kommuneval går ned blant minoritetsbefolkninga. Dette kan ha med å gjere at det kjem fleire innvandrarar til Noreg, og at valdeltakinga ikkje er så stor fordi mange har budd kort tid i landet og difor i mindre grad deltek i val. Ei anna forklaring er at mange som innvandrar til Noreg er unge i alder, og ungdom stemmer i mindre grad enn eldre.
Organisasjonsfolk stemmer
Bergh peika likevel på at det er mange ting ein kan gjere for å få fleire minoritetsungdommar til å stemme. Det å vere med i ein frivillig organisasjon, gjer at ein blir meir integrert i sosiale miljø. Dette fører også til ein nyttar stemmeretten sin meir enn dei som ikkje er aktive i organisasjonslivet.
– Dersom ein er aktiv i minoritetsorganisasjonar, sjølv om denne organisasjonen og medlemmane ikkje er opptatt av norsk politikk, vil likevel gjer at ein stemmer i større grad enn om ein ikkje er aktiv, meinte Bergh.
Ein maktfaktor ved lokale val
På landsbasis har talet på minoritetspersonar med stemmerett dobla seg dei siste åtte åra. Ein av fire som stemmer i Oslo er no innvandrarar. Kva minoritetsungdom stemmer er difor viktig for valresultatet.
– Minoritetar er ein maktfaktor ved lokale val, sa Bergh.
Vil få unge muslimar til å stemme
Fleire minoritetsorganisasjonar hadde møtt opp på seminaret. Mohammed Amarzguioui frå Ung Muslim fortalte at dei vil jobbe for å auke interessa for politikk og val blant ungdom. Ung Muslim skal mellom anna arrangere debatt mellom ulike parti rett før valet, ha seminar om partia og kva dei står for, og ha opplæring i valprosessen for unge veljarar.
QUIZ: Prøv deg på innvandringsquizen til Framtida.no!
– Vi har lyst til å få til eit samarbeid med dei andre moskeorganisasjonane i Oslo, slik at vi kan nå flest mogleg unge, sa Mohammed Amarzguioui.
Ung muslim skal søke om støtte frå Frifond stem, ei støtteordning for prosjekt som skal auke valdeltakinga blant ungdom i valet til hausten.
Tre på seminaret:
1. Kva trur du skal til for at unge med minoritetsbakgrunn skal bruke stemmeretten sin i september?
2. Har din organisasjon planlagt å gjennomføre aktivitet for å få fleire unge til å stemme?
Dzenana Brkic og Iris Basic (Stecak):
1. Informasjon er nøkkelen! Ungdom veit ikkje nok til å engasjere seg, og dersom du ikkje veit nok om partia og politikken så bryr du deg ikkje. Det er viktig å relatere politikken til det ungdom er opptatt av.
2. Har lyst til å bruke dei gode erfaringane frå ei kampanje vi hadde i samband med det bosniske valet i 2010, til å få unge bosniarar til å stemme også ved valet i Norge i september.
Lise-Marit Kalstad (Norsk-indisk forening):
1. Ungdom må få meir informasjon, men informasjonen må vere på deira premissar. Mange unge forbinder nok politikk med gamle menn i dress, og det er kledelege greier. Informasjonen må vere på ungdoms språk, og nå dei der dei er.
2. Norsk-indisk forening har ikkje planlagt aktivitet fram mot valet, men har lyst til å prøve å mobilisere sine medlemmar. Indarar er blant dei som nyttar stemmeretten sin mest av minoritetsgrupper i Noreg, men det er langt frå sikkert at alle våre medlemmer stemmer likevel.
Jaspreet Srai (skriv masteroppgåve om minoritesbefolking og valdeltaking):
1. Foreldra har nok påverknad, dersom foreldra stemmer og er opptatt av politikk vil dette påverke også dei unge. Mange unge opplever nok at dei ikkje veit nok, og då er det vanskeleg å gjere seg opp ei meining. "Dobbelidentitet", tilknyting til både Noreg og heimlandet kan kanskje også gjere at færre unge med minoritetsbakgrunn stemmer.
2. Skriv masteroppgåve om temaet, og samanliknar valdeltaking blant minoritetsbefolkinga i Noreg og Finland. Synes det er viktig å mobilisere nordmenn med minoritetsbakgrunn til å stemme, og er spent på kva ho vil finne ut i arbeidet med masteroppgåva.
Faktaboks
Valdeltakinga blant ikkje-vestlege innvandrar låg på berre 35,6 prosent ved sist lokalval.Til samanlikning var den totale valdeltakinga 61,2 prosent.
Valdeltaking blant nokre minoritetar:
Kinesarar: 22%
Marokkanarar: 25 %
Etiopiarar: 28 %
Irakarar: 29 %
Chilenarar: 31 %
Tyrkarar: 32 %
Thai: 32 %
Afghanarar: 34 %
Somaliarar: 36 %
Iranarar: 36 %
Inderarar: 42 %
Pakistanarar: 45 %
Sri-Lanka: 48 %