Manglar munnleg trening
Manglande taletrening i utdanninga kan øydeleggje jobbintervjuet ditt og truge drømmejobben.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Utfordringa til mange studentar ligg i det å bryte «lydmuren», altså å tore å snakke høgt framfor ei gruppe menneske, seier Rigmor Mogård, sjefspsykolog ved Studenthelsetenesta ved Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO).
Årets store helseundersøking av studentar viser at 40 prosent av studentane er litt redde og 15 prosent veldig redde for å ta ordet. Både Studenthelsetenesta og Studentrådgjevinga ved SiO tilbyr Ta ordet-kurs for studentar som slit med taleangst. Begge kursa har ein relativt lik målsetting, der hovudelementet er å trene på å ta ordet gjennom ulike oppgåver som blir gjeve.
– Jo meir øving studentane får i dette, jo tryggare blir dei på å ta orda i sosiale samanhengar.
UiO-studentar minst taleføre
Gisle Hellsten, leiar av karrieresenteret ved Universitetet i Oslo (UiO), meiner at studentar som har øvd på munnlege framføringar i samanheng med studiet har ein fordel i jobbsøkjarsituasjonen.
– Erfaringa mi er at studentar ved UiO ofte ikkje har like mykje trening i munnleg presentasjon som studentar ved andre utdanningsinstitusjonar, som til dømes BI og Noregs Handelshøgskole (NHH), fortel han.
Hellsten slår fast at han trur studentar som er vant til å ha munnlege framføringar framfor ei klasse gjerne er mindre redde for å ta ordet, og slik òg følar seg tryggare i ein jobbintervju-situasjon. Han meiner undervisinga ved BI og NHH har meir taletrening integrert i undervisinga, og at dette difor slår positivt tilbake på studentane.
– Som leiar av Karrieresenteret får eg gjerne høyre frå arbeidsgjevarar at desse studentane meistrar jobbintervjua betre, seier han.
Vel vekk studium
Det er likevel ikkje alle studentar som er begeistra for trening i å halde munnlege presentasjonar. Siri A. Hansen, sosionom og kurshaldar for Studentrådgjevinga SiO, kan fortelje at ho gjennom virket sitt har opplevt at studentar med vilje har valt studium som har få munnlege presentasjonar.
– Dette tyder at dei kanskje vel vekk det studiet dei er mest interessert i, noko som er veldig trist, seier ho.
Hansen fortel vidare at mange av studentane som slit med å ta ordet òg er engstelege med tanke på arbeidslivet.
– Studentane er reidde for at dei same vanskane dei opplever med å hevde seg på studiet vil følgje etter dei inn i arbeidslivet, og slik vere hemmande i den nye jobbsituasjonen, seier ho.