Stoppa valfritt sidemål

Mindretalet i Stavanger bystyre blokkerte for prøveordning.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Atle Simonsen i Framstegspartiet fremja måndag ein interpellasjon til ordføraren i Stavanger om å gå inn på ei prøveordning med valfritt sidemål i ungdomsskulen.

Ordførar Leif Johan Sevland (H) føreslo å senda saka vidare til kommunalstyret for oppvekst med eit skikkeleg saksframlegg frå administrasjonen. I interpellasjonsdebattar er det slik at ein tredjedel av bystyret kan avvisa interpellasjonen. Arbeidarpartiet, SV, Venstre, Senterpartiet og Raudt klarte til slutt å blokkera framlegget med 27 av 67 røyster, melder Stavanger Aftenblad.