Kan du over 100-skiord?

Visste du at Norsk Ordbok har registrert 25 ulike ord for skiløype, 16 ord for skitupp og ti ord for skibinding?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Band 9 av Norsk Ordbok kom ut like før ski-VM i Oslo. Ordboksbandet inneheld svært mange ord på ski-. Desse orda er både språkleg og kulturhistorisk interessante, og dei viser breidda i den norske skikulturen i eldre og nyare tid. Her er mange lokale ord for skiløype (skilåm, skiandore og skimeidd), her er ord for skiutstyr og skiklede (skidress, skiband og skinase), ord for ulike sider ved skisporten (skimuseum, skinasjon og skisekse) – og mykje anna som vil gleda både skientusiastar og språkinteresserte.

Det niande bandet dekkjer alfabetbolken frå ramost til skodda, og med dette er ein ny bit av det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket dokumentert.

– Me nærmar oss 200-årsfeiringa av Grunnlova, og Norsk Ordbok skal vera ferdig i 12 band som folkegåve til den store festen i 2014. Med band 9 er tre fjerdedelar av ordboka fullført, og ekstra artig er det jo at bandet med så mange flotte ski-ord er klart i tide til ski-VM i Oslo, seier prosjektdirektør Åse Wetås i ei pressemelding.

Substantiv
Band 9 av ordboka inneheld meir enn 27 600 artiklar. Ordartiklane dekkjer både ordtyding, ordhistorie, målføreformer og eksempel på bruk i litteraturen og i talemålet. Her finn ein ord som er allment kjende og mykje brukte over heile landet, side om side med ord frå dei norske dialektane som aldri tidlegare har stått i ei ordbok. Dei store artiklane handlar om verb som riva, seia, sjå og skjera, og pronomen som seg, sin og sjølv. Substantiva er likevel dei det finst flest av i det norske språket, og så mange som 75 prosent av ordartiklane i band 9 av Norsk Ordbok gjeld substantiv.

Dei tolv banda av Norsk Ordbok skal visa ordtilfanget i det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket. Dei norske dialektane er rikt representerte i ordartiklane, både når det gjeld ordtydingar og målføresitat. Ordstatistikken viser at somme kommunar har hatt flittigare innsamlarar enn andre.

Dei ti enkeltkommunane som oftast er nemnde i band 9, er Voss, Oppdal, Suldal, Sparbu, Valle, Hemne, Nøtterøy, Selje, Nesna og Sunndal. For første gong er ein nordnorsk kommune med på ti på topp-lista, og det er me glade for!Aviser er ei viktig kjelde til sitat og dokumentasjon på ordbruk i Norsk Ordbok. I det siste året har me utvida det nynorske tekstkorpuset ved Universitetet i Oslo frå 40 millionar til 86 millionar ord. Mesteparten av auken kjem frå eit utval nynorske lokalaviser som er lagt inn i korpuset.

Kor mange skiord klarar du?

Faktaboks

Døme på norske ski-ord – frå ulike deler av landet:

ski-braut f., skifar, skiløype (Austre Vest-Agder)
ski-dyrgje f., skispor, skifar (Vestre Slidre, Velfjord)
ski-ekkje f., skiløype, skifar (Åfjord, Osen, Nord-Trøndelag)
ski-fet n., tåreim på skibinding (Ålvundeid, Snillfjord, Heim, Lensvik, Salten, Tysfjord, Lofoten)
ski-geisle m, skistav (Hardanger)
ski-hals m, oppbøygd og spiss framlut på ski (Kvinnherad)
ski-hork f., tåband av lêr eller vidje i skibinding (Hof i Solør, Romedal, Sollia, Folldal, Gausdal, Ringerike)
ski-hælband n., skibinding med reimar som går bak hælen og i kast over vrista (Meråker)
ski-ilje f., styrerand under ski (Verdal)
ski-klabb m., snø som legg seg under skia (Ryfylke)
ski-labb m., grov tålabb eller -sko til å stikka rett inn i skibindingar (Folldal, Soknedal, Glåmdal)
ski-line f., skispor (Melhus, Horg)
ski-låm f., skiløype, skispor (Uvdal, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Suldal, Budal)
ski-meidd f., spor etter ski; skiløype (Hurdal, Ringsaker, Furnes, Ringerike, Nøtterøy, Nissedal, Nedre Telemark, Jelsa, Vefsn)
ski-nebb m. og n., fremste nebb på ski; skitupp (Masfjorden, Berlevåg)
ski-onder f., skitupp (Vang i Valdres)
ski-orge f., vidjebinding på ski (Astafjord, Trondenes)
ski-snate m., skitupp (Leksvik)
ski-spode f., (brukt i fleirtal), små, dårlege ski (for barn) (Skogn, Frol)
ski-spord m., bakende på ski (Rauland, Valle, Budal, Singsås)
skistav-kringle f., skistavtrinse (Elverum, Folldal, Stangvik, Oppdal, Singsås, Stjørdal)
skistav-truge f., skistavtrinse (Elverum)
ski-stolp f., djupt skispor (Sør-Aurdal)

Kan du fleire?

Gå til Norsk Ordbok!