Fylkesmannen byter ut bokmålsskilt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sponheim må byta frå bokmål

Herdla naturreservat har fått skilt på bokmål, sjølv om fylkesmannen i Hordaland har nynorsk som administrasjonsspråk. No har dei fått klage, og den vil dei ta til følgje.

Det er Fylkesmannen i Hordaland som eig reservatet, og naturforvaltar Stein Byrkjeland hjå Fylkesmannen seier i BT.no at klagaren har heilt rett, skilta burde vore på nynorsk.

No er det ikkje pengar til nye skilt over årets budsjett, så skilta må truleg vente til neste år.