Kjekt på storskulen kvar dag
Etter eit halvt år med pendling er skepsis snudd til trivsel.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ingen vil tilbake til grende- skulen
Mange elevar frå Jelsa, Ropeidhalvøya, Erfjord og Suldalsosen var skeptiske og kjende seg tvangsflytta då ungdomstrinnet vart lagt til Sand. Etter eit halvt år med pendling er tonen i skulegarden ein heilt annan.
Ungdommane trivst både i og utanfor klasseromma, og ingen Suldalsposten har snakka med vil tilbake til dei små grendeskulane. Elevane har funne kvarandre og fått smaken på å vera mange saman.
Lyden av frikvarter stig og legg seg som ei munter sky oppunder dei luftige himlingane. Men her er berre tida og vegen for den som skal nyta skjeva, musikken og praten.
Kjærestepar
Og ikkje minst romantikken. For det skortar ikkje på kjærleik i lufta når tiandeklasse-gjengen slår seg ned rundt kantinebordet.
– Det er meir enn i lufta, flirer Kristian Schibevaag og druknar straks i øyredøyvande latter. Han legg armen godt rundt Sunniva Haugsland og smiler lunt. Og dei er i godt selskap, her er berre å telja opp på kjærastepar.
Og lagnaden smiler i sitt mest ironiske lune. For eit par år sidan var det kamp på kniven mot skulesamanslåinga, nå har skulen sitt svare strev med å dempa dei høgaste forelskingsflammane.
– Me får gule lappar for å kyssa og å klemma. Gutar og jenter har ikkje lov å sitja på same stol eller å sitja på fanget til kvarandre, fortel Lars Tobekk og slepper ein liten augneblink handa til Karoline Vadla for å skru opp termosen. Erfjordjenta ler godt og gjer ingen løyndom av at ho gjerne tar litt gule lappar for kjærleiken.
– Lærarane er nok berre misunnelege, kjem det frå ein av stolane og dermed ligg gjengen kollektiv med ristande ryggar over bollar og nisteboksar.
Ingen vil tilbake
Men om kjærastepara er meir opptatte av kvarandre enn maten, ser dei ikkje ut til å skremma vekk dei som er mindre råka av Amors piler. For her er single godt klemt inne mellom para og praten går på kryss og tvers.
– Alle er med alle her, slår Kristian fast til nikking nedover bordet der dei som er kjærastelause avviser at romantiske medelevar gjer skulekvardagen klam.
Ingen av tiandeklassingane rundt bordet ønskjer seg attende til dei små ungdomsskulane i kvar si grend. Vel var det ifølgje somme lettare å få gode karakterar der, og vel har somme lange og rasfarlege skulevegar. Men det ser ut til å vera minus-blåbær i det som er det store: Å få vera saman.
Er det for mange små skular i Noreg? Fortell kva du meiner!