Nominert til pris

Snowboardkøyraren Marcus Kleveland er nominert til Årets mannlege ekstremsportutøvar, i det amerikanske tv-selskapet ESPN sin årlege prisutdeling.

Synne Grimen Hammervoll
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Vigga.no

Dombåsguten er dermed i selskap med namn som Christiano Ronaldo og Lionel Messi, som òg er nominert til ulike prisar.

Les også: Knallvêr i sør og nedbørsrekordar i nord

Gjort seg bemerka

Kleveland har gjort seg godt bemerka, ved blant anna å ha vunne slopestyle og tatt sølv i Big Air under X Games i Aspen både i 2017 og 2018. Han var den første utøvaren i verda til å gjere en qaud cork 1800 i konkurranse. Dette skjedde under X Games i Aspen i fjor.

Øvrige nominerte

Dei øvrige nominerte i klassen er Henrik Harlaut, freestylekøyrar frå Sverige, Kelvin Hoefler, skateboardar frå Brasil og David Wise, freestylekøyrar frå USA.

I 2007 var nordmannen Andreas Ygre Wiik nominert til samme pris som Kleveland.

Årets pris blir delt ut i Los Angeles den 18. juli.

Les også: #metoo-rørsla nominert til Fredsprisen