Innfører kjønnstesting i tennis

Kvinnelege tennisspelarar må ta ein genetisk test for å kunne halde fram som profesjonelle, seier WTA denne veka.

Einar Nygaard
Publisert

Kvinnelege tennisspelarar må frå og med tysdag ta ein kjønnstest for å konkurrere i den øvste profesjonelle serien i tennis. Det seier WTA (Women’s Tennis Association) i ei fråsegn.

Ingen kjende transpersonar

Denne eingongs-testen skal sjå etter SRY-genet, som hjelper ein å avgjere biologisk kjønn.

Tidlegare har transpersonar fått delta i WTA-serien om dei oppgav at dei var kvinner og opprettheldt eit lågare testosteronnivå over ein toårsperiode før dei konkurrerte.

Det er for tida ingen ein veit er transpersonar på noko nivå av profesjonell tennis. Gjennom tidene har det berre vore éi kjend transkvinne i profesjonell tennis.

Ulovleg i Noreg

Tennis er ikkje den fyrste sporten som innfører gentesting. For å delta i friidrett, boksing, og etter kvart også ski og OL, krevst det no ein eingongstest.

Slik testing er ikkje lov i Noreg, sjølv om Bioteknologirådet tidlegare i år sa at det bør bli lov å gjennomføre kjønnstesting i Noreg.

Får kritikk

Nokon har kritisert avgjerda for å vere ein del av ein større konservativ kulturkrig.

WTA på si side seier at dei «erkjenner at dette er eit sensitivt og komplekst problem» og at dei «er forplikta til å behandle alle spelarar med verdigheit og å innføre retningslinjer på ein respektfull og omtenksam måte»