– Å, du lurer på kvifor eg er brun? spør Camara i boka si
I debutboka si fortel Camara Lundestad Joof engasjert og sårbart om å vere brun i Noreg. Dette er lettlest strandlitteratur til å bli klok av.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ingen liker å bli mint på hudfargen sin. Somme blir veldig sinte.
Dette skriv Camara Lundestad Joof i boka Eg snakkar om det heile tida (2018). Ho set ord på kvardagsrasismen folk trur ikkje finst, men som ho må kjenne på kvar dag.
Om du er lei av å oppleve rasisme eller lurer på korleis det er å vere brun i Noreg, kan du ikkje gå glipp av denne boka.
Lettlest og poetisk
Eg tenkjer ofte at eg bruker disproporsjonalt mykje av tida mi på å snakke om rasisme. På å få spørsmål om rasisme. På å få tilsendt lenker om rasisme.
Med eit enkelt og poetisk språk skildrar Camara svært samansett tematikk. Ho deler personlege opplevingar gjennom korte og lettleste kapittel som er rett på sak. Boka er perfekt for deg som ser etter god strandlitteratur i sommar.
- Les også: – Meir etnisk norsk enn kong Harald
Blei slått fordi ho gjekk med bunad
Som barn blei Camara slått av ei dame fordi ho stolt fortalde om bunaden ho hadde på seg. Dette er eit av mange triste og rasistiske minne ho har frå barndommen.
Same kva Camara gjer, blir ho aldri heilt akseptert av menneska rundt seg. Ho er redd for å bli redusert til hudfargen sin, og lei av å måtte spele pedagog når folk stiller lite gjennomtenkte og rasistiske spørsmål.
Tenk deg om før du stiller unødvendige spørsmål
Når folk spør meg kvar eg kjem frå, misforstår eg med vilje. Eg svarer Sandefjord. Og når dei spør kvar eg eientleg kjem frå, så svarer eg Bodø.
Å, du lurer på kvifor eg er brun?
Og ubehaget er til å kjenne på.
Folk vil gjerne ha ein interessant samtale med ho om å vere brun, men dei gløymer at ho har hatt denne samtalen 100 gonger før og er dritlei.
Dette kjenner eg igjen frå venene mine som har brun hud. Dei er også leie av å ha den same samtalen hundrevis av gonger.
Redd for å bli redusert til hudfarge
Brun først, så dotter.
Brun først, så venn.
Brun først, så kunstnar.
- Les også: – Samfunnsfag kan redde liv
Camara er også redd for at folk skal tenke at ho snakkar for mykje om rasismen ho opplever. At ho snakkar om det heile tida.
Ho snakkar om det heile tida. Men det skjer så mykje meir enn det går an å fortelje. Så mykje meir enn dei kvite menneska rundt ho forstår. Dei blir så overraska når ho fortel kva folk har sagt til ho. Over at det framleis finst slike haldningar.
Eg er redd heile livet mitt er blitt redusert til hudfargen min. Og at eg sjølv har vore delaktig i det.
Redd for at eg først og fremst er brun. Brun først, og alt anna etterpå.
«Du er så jævleg kvit, ass»
Likevel kan ho få kommentarar som «du er så jævleg kvit ass», av broren sin. Ho må heile tida balansere forventningar frå ulike stader.
Camara har ei norsk mor og ein gambisk far, og berre dette er for komplisert for mange, som har eit svart-kvitt syn på etnisitet. Difor likte ho seg godt i København, der dei aksepterte at ho var norsk og spøka med ho om å vere ein del av ein søkkrik oljenasjon.
Jer og jeres jævla olje.
Ho har blanda kjensler om å skrive denne boka, og er sint på både boka, samfunnet og redaktøren som seier ho må gjere seg likbar for lesaren om dei skal høyre på ho.
Men ho prøver likevel, og eg er imponert over evna hennar til å både dra meg inn i livet hennar, og til å skrive så enkelt og vakkert om så vanskelege ting.
- Les også: Den skumle vinden frå ytste høgre