Bannskapen samla i eiga ordbok

Språkforskar Ruth Vatvedt Fjeld (70) ved Universitetet i Oslo har samla 1.000 norske bannord i ei eiga ordbok. Banneordboka er den første i sitt slag, og kunnskap har ho blant anna henta frå Skam.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 11.10.2018 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Desse orda har ikkje vore skrivne ned fordi dei har vore tabu, seier Fjeld til nettavisa Forskning.no.

For sjølv om ein del bannord òg står i vanlege ordbøker, er det mange som ikkje står der. Mange av desse kjem i Banneordboka, som språkprofessoren skal ha klar til hausten. Når boka er ute, håper ho på hjelp frå folk til å samle enda fleire.

Faen og herregud dei vanlegaste bannorda

Ho peikar på “faen” og “herregud” som dei vanlegaste bannorda og ramsar opp fleire eksempel: “faen i helvete”, “drit” og “inn i svartheitaste”.

– Og så har vi jo “fuck” og “asshole”. No er det veldig populært å banne med engelske ord, seier Fjeld, som trur det blir lenge til ho sjølv kallar nokon “motherfucker”.

Bannorda har forskaren delt inn i fem tematiske kategoriar: dei som handlar om Gud (herregud); om Jesus og djevelen (faen i helvete); sex (fuck, fitte); ekskrement (drit, shit); og sjukdom og død (pokker – av sjukdommen koppar/poka).

Delt inn etter kor grove dei er

Fjeld har òg sørgd for å gradere orda i tre trinn etter kor grove dei er. Ord som “asshole” er banning av tredje grad, slik Fjeld vurderer det, mens det meir gammaldagse “død og pine” er gradert som av dei milde.

Om mange bannord og – uttrykk før har vore sett som svært grove og upassande, har mange av dei i dag har glidd inn i daglegtalen.

– Det er snart ikkje noko som er tabu lenger, seier Fjeld, som til og med har høyrt uttrykket “forjævlig” i barne-tv.