Yatzy i Heddaprisar!

Det Norske Teatret blei igjen den store Heddapris-vinnaren.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heddaprisen er den viktigaste prisutdelinga i norsk teater, og blei søndag delt ut for 21. gong.

Kjempesuksessen The Book of Mormon fekk tre Heddaprisar:

Årets framsyning og Beste scenetekst (i Are Kalvø si omsetjing) og Beste skodespelar/medspelar: Preben Hodneland.

Utafor fekk Heddaprisen for Beste framsyning for ungdom. I tillegg vann framsyninga ein Heddapris for Særleg kunstnarleg innsats.

Dei fire skodespelarane i Utafor har alle opplevd konsekvensar av utanforskap. Foto: Beate Haugtrø

LES OGSÅ: Siri (26) overlevde Utøya, Faten (23) var radikalisert – no står dei saman på scenen

Antigone fekk Heddaprisen i kategorien Beste audiovisuelle design.

Foto: Johannes Laukeland

Ragne Grande (bildet) fekk Heddaprisen for beste kvinnelege skodespelar i ei hovudrolle for rollen som Laura Wingfield i Glassmenasjeriet ved Trøndelag Teater.

Foto: Øyvind Eide

Prisen for beste mannlege skodespelar i ei hovudrolle gjekk til Hermann Sabado for rolla som Prior Walter i Engler i Amerika på Nathionaltheatret.