Vil fjerna trynefaktor i skulen
Slik skal trynefaktoren fjernast på tre skular i Hordaland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil fjerna tryne- faktor i skulen
Fylkestinget i Hordaland vedtok denne veka at tre skular i Hordaland skal prøva ut anonyme heildagsprøvar. Forsøket startar til våren.
– Me skal hindra at det kan bli forskjellsbehandling der trynefaktoren spelar inn. Då anonymiserer me prøvane, slik som ein gjer blant anna når ein har eksamen, og det blir gjort på ei rekke av friskulane i fylket, forklarer Petter Kvinge Tvedt (FrP) overfor NRK Hordaland.
Utdanningsforbundet er kritisk og meiner ordninga bryt med krava som blir stilt til elevane når det gjeld oppfølging og tilbakemeldingar.
– Det å skulla ha anonyme prøvar blir eit paradoks. Når ein ikkje veit kva elevar ein har med å gjera blir det umogleg å gjera kontinuerlege vurderingar og gi tilbakemelding på læringa til den enkelte elev, seier Mildrid Kronborg Økland i Utdanningsforbundet til statskanalen.
Synst du lærarane gjer forskjell på elevane? Kva kan gjerast for å hindra dette?