Canada legaliserer marihuana
Landet er i rute til å bli første G7-land som legaliserer marihuana til rekreasjonell bruk. Regjeringa håper salet skal vere i gong innan august eller september.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Canada legaliserer marihuana
Lovframlegget blei vedtatt med 56 mot 30 røyster i det kanadiske Senatet. Dette var ei av dei siste hindringane i vegen for legaliseringstilhengarane, skriv Reuters.
Både statsminister Justin Trudeau sitt liberale parti, og sosialdemokratiske «New Democratic Party» er tydelege i sitt ja-standpunkt til legalisering.
Berre enkelte senatorar i det konservative partiet har motsett syn.
Senatet vedtok mellom anna strengare reglar for reklame, og tilrådde å gi provinsane makt over om det skulle vera lov å dyrka marihuana heime til eige bruk.
Lovleg til medisinsk bruk sidan 2001
Lovframlegget til regjeringa vil gi kanadiarar lov til å dyrka opp til fire planter kvar. Provinsane skal bestemma kor og korleis marihuana blir omsett.
Legaliseringa skulle først skje alt på nasjonaldagen 1. juli. Forseinkinga skuldast nye tillegg og endringar i forslaget, som må godkjennast på ny i Underhuset. Dessutan har provinsane og politiet bedt om meir tid.
I nabolandet USA er marihuana lovleg i 9 av 50 statar.
Heilt sidan 2001 har bruk av rusmiddelet vore lovleg til medisinsk bruk i Canada. I USA er det 29 statar som nå har opna for medisinsk marihuana.
- Les også: Danske bønder vil dyrke cannabis.