Vil ikkje heita helsesøster lenger

Tittelen helsesøster går ut og inn kjem helsesjukepleiar. Det ynskjer styret i Landgruppa av helsesøstrer i Norsk Sykepleierforbund. No skal helseministeren få siste ord i saka.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristin Waldum-Grevbo ber no om at helsesystrer heller skal heita helsesjukepleiar. Foto: NSF

– Det er gledeleg at vi no kan samla oss bak ein ny kjønnsnøytral tittel. Helsesyster er ein tittel som i liten grad reflekterer fagkompetansen. Det er ikkje tydeleg at helsesøstrer er sjukepleiarar med spesialutdanning, seier leiar for Landsgruppa av helsesøstrer i NSF, Kristin Sofie Waldum-Grevbo i ei pressemelding.

Det var landsmøtet i Norsk Sykepleierforbund som i 2015 vedtok at det skulle arbeidast for kjønnsnøytrale titlar for spesialsjukepleiarar.

Fleire politikarar, ulike ungdomsorganisasjonar og Likestillingsombodet har òg meint at tittelen bør endrast.

No er det helseminister Bent Høie som får siste ordet.

LES OGSÅ: – Me må få helsesøster og psykolog på skulen kvar dag, heile dagen