Lukkelegare av å eta saman med andre

Britisk undersøking viser at folk som et ilag med andre i staden for åleine, er lukkelegare.

Thea Svendsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ulukkeleg av å eta åleine

Ei undersøking utført av britiske økonomi- og marknadsforskarar har komme fram til at folk som et åleine er meir deprimert, skriv the Independent.

Undersøkinga vart utført for Sainsbury’s Living Well Index i samarbeid med leiande forskarar ved Oxford Economics og National Centre for Social Research. Undersøkinga tok for seg 8000 vaksne britar, med mål om å finne ut korleis ein kan forbetre kvardagen.

Ein av dei største faktorane til kvardagstrivsel

Studien viser at å sitte ned og ete ilag med andre, eller å ikkje gjere det, er ein av dei fire største faktorane til dei sprikande forskjellane i kvardagstrivselen blant det britiske folk.

Dei andre tre faktorane er om dei er; å ha god tid, eit tilfredsstillande sexliv, og god søvnkvalitet.

Studien kunne og vise til at utanom mental sjukdom, er det å ete åleine sterkare knyta opp mot det å vere ulukkeleg enn nokon anna faktor.

Poengresultatet i undersøkinga til folk som slit med angst, depresjonar, panikk eller tvangslidingar er 8,5 poeng lågare enn gjennomsnittet. Poengresultatet til dei som et åleine er 7,9 lågare enn gjennomsnittet.

Dei som et ilag med andre hadde ein poengscore på 0,22 høgare enn gjennomsnittet. Samanlikna med dei som har god tid 0,33, nøgd med sexlivet 0,44, og dei som søv godt 0,93, høgare poengscore enn gjennomsnittet.

Ein blir meir lukkeleg av å sjå folk

Grunnen til at det å ete ilag med nokon har slik positiv innverknad skal være hovudsakleg fordi det er sosialt. Å treffe andre fjes-til fjes er ifølge studien vesentleg for å være glad.

Det påpeikast og at å være sosial i form av telefon, e-post eller anna form for digital kontakt, ikkje har same nytta i det heile tatt og viste ingen effekt på studien.