Funn av narkotika i utanlandske kosttilskot

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvaringa kjem etter at det viste seg at 27 av 70 ulike kosttilskot kjøpt frå utanlandske nettbutikkar inneheld ulovlege produkt, fortel Matportalen.no.

Avsløringa blei gjort etter at Tollvesenet på oppdrag frå Mattilsynet i fjor beslagla dei ulike kosttilskota på postterminalen på Alnabru i Oslo.

Kan vere direkte helsefarlege

Analysar viser at fleire av produkta inneheld legemiddelstoff som berre skal takast i samråd med lege og difor kan vera direkte helsefarlege.

– Matilsynet vurderer faren for helseskade ved inntak av desse produkta som så høg at vi ønskjer å åtvara publikum mot dei. Produkta er bestilt via utanlandske nettbutikkar og Mattilsynet har difor varsla styresmaktene i andre land via dei internasjonale meldesystema våre, seier seksjonssjef Merethe Steen i Mattilsynet.

Ho oppmodar alle som kjøper kosttilskot frå utanlandske nettbutikkar om å tenkja seg grundig om.