– Spar miljøet, lommeboka og samvitet – byt klede
Dei fleste har ein del klede bakerst i skåpet som skjeldan ser dagens ljos. Dette gjer ungdom i Sogndal noko med, og arrangerte laurdag klesbyting i vårsola.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Først publisert på Porten.no.
Sogndal: Vårsola kan nyttast til anna enn skigåing og grilling. I Sogndal har miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender og studentorganisasjonen Trivselssentralen gått saman for å markere den nasjonale klesbytedagen.
– Dette handlar om å ta vare på det me har, seier Ina Marie Bollingberg.
Ho er ein av dei frivillige som har organisert klesbytinga i Sogndal sentrum.
– Folk verkar engasjerte for dette. Ikkje nok med at ein gjer noko godt med ubrukte klede, men ein får jo også nokre nye, seier Bollingberg.
Vel førti vårblide menneskje tok turen innom klesbytet, og enno var det tidleg på dag.
– Spanande tiltak
– Me brukar jo ikkje klede til dei er øydelagde, men til me er lei dei. Då kan me jo like gjerne byta med nokon andre som er lei sine.
Kari Halvorsen kikar på kjolar, skjorter, gensarar og bukser som heng på klesstativa. I handa har ho nokre plagg ho har plukka ut.
– Eg har bytt klede med veninner før, men her har dei jo eit heilt system. Eg leverte nokre klede for to dagar sidan, og fekk desse lappane. No er det eit heilt utval her, og eg byter lappane mot klesplagg.
Alt vert brukt
– Me har faktisk fått inn nokre skikkeleg dyre klede også, seier Bollingberg.
– Men so mykje klede som heng her no – vert de kvitt alt?
– Det kan jo fort hende det vert noko att, men då gjer me det til Fretex. Nokon får alltids bruk for dei, seier Bollingberg.
Dei unge frivillige oppmodar også andre om å byrje å byte klede. Bollingberg trekk fram småbarnsforeldre som det beste dømet på klede som vert kjøpt men brukt svært lite.
– Me håpar jo at mange vil komma på desse bytedagane slik at me får eit stort utval, men alle kan byte internt på jobb, i studiegruppa eller i venegjengen. Det er skikkeleg artig å få det til, seier Bollingberg.