Kjempar for klimaet og EU
Sveinung Rotevatn er valt til ny leiar i Unge Venstre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kjempar for klimaet og EU
Sveinung Rotevatn fekk samrøystes støtte frå landsmøtet til Unge Venstre i Bergen i helga.
– Eg er uroa over at kampen for eit trygt og godt klima blir viktigare og viktigare, samstundes som dette får mindre og mindre plass i politikken, seier Rotevatn i ei pressemelding.
– Noreg, med dei raudgrøne i spissen, sakkar atterut. Samstundes blæs eit EU i finanskrise forbi med forpliktande samarbeid og verda sin mest offensive miljøpolitikk. Eg får ein flau smak i munnen når Noreg prøver å prute med EU for å sleppe unna dei vanskelege avgjerslene, held han fram.
EU-medlemskap
Den nye leiaren er fast spaltist for Framtida.no, og har tidlegare teke til orde for norsk medlemskap i EU. På landsmøtet gjentok han at han vil kjempa for norsk EU-medlemskap.
– Utviding av demokratiet, styrking av menneskerettar og gode miljøløsninger krev internasjonalt samarbeid. Eit medlemskap gjev oss meir innverknad over vår eigen kvardag. Samstundes vil eg kjempe for eit større Venstre, med regjeringsmakt og EU-innverknad, for å skape liberale og internasjonale løysingar på dei største utfordringane våre, seier nordfjordingen.
Med seg på laget fekk den nye leiaren 1. nestleiar Haakon Riekeles, 2. nestleiar Daniel Heggelid-Rugaas, internasjonal leiar Andreas Skjeret, og sentralstyremedlemmene Per Magnus Finnanger Sandsmark, Hanne Kvilhaugsvik, Mathias Queseth, Boel Kvam og Ingvild Thorsvik.