NTNU-forskar vil ha integreringsprosjekt for ungdom i alle kommunar
Integreringsprosjektet SAMAN er ein suksess som alle norske kommunar bør ha i verktøykassa, ifølgje ei fersk evaluering.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå 2010 til 2017 kom nesten 11.000 ungdommar åleine til Noreg. I same periode har omkring 7.000 fått opphald. Når ungdommane får ny heimstad, ofte med ei lang flukt og ventetid på asylmottak eller omsorgssenter, kan det bli ei utfordring å få dei etablert i lokalmiljøet.
– Norske ungdommar og unge flyktningar har få felles møteplassar, og utan felles møteplassar er det vanskeleg å bli kjent, seier forskar Berit Berg ved NTNU.
- LES OGSÅ: – Fem integreringstiltak som fungerer
Programsjefen for SAMAN, Sissel Aarak i SOS-barnebyer, påpeikar at det er enormt viktig for integreringa at ungdommane finn seg til rette, men at dette ikkje er noko vaksne kan gjere for dei.
– Engasjert norsk ungdom er nøkkelen til å integrere einslege mindreårige på ein naturleg måte i det norske samfunnet. Ungdom er ungdom uansett. Dei ønsker seg venner og ei god fritid som gir meining, då finn dei sin plass, og det har vi fått til å fungere gjennom denne modellen, seier ho til NTB.
Suksess
For å skape møteplassar vart SAMAN-prosjektet starta i tre kommunar i april i fjor og er no eit tilbod i 16 kommunar. Berg ved NTNU har evaluert prosjektet, og konklusjonen er at det er ein integreringssuksess og bør inn som del av «tiltakspakka» til alle norske kommunar som buset unge flyktningar.
Modellen inneber at det blir danna grupper på seks ungdommar, tre lokale og tre som har flykta åleine til Noreg. Basert på felles interesser og idear skal gruppa planleggje og skape noko saman, dei bestemmer sjølv kva deira prosjekt er, men kommunen skal hjelpe til med rettleiar og leggje til rette for at ungdommane kan halde kontakten også etter at prosjektet er avslutta. Dei meir enn 150 ungdommane som hittil har vore med har funne kvarandre og halde på med alt frå plantedyrking, matlaging, boksing og street art til klatrekurs, danseframsyning og innspeling av musikkvideo, opplyser SOS-barnebyer.
Likeverdig
Berg forklarar at prosjektet fungerer fordi alle partar får noko igjen for å delta.
– Når ungdommar møtest med utgangspunkt i felles interesser, gjer dette at rollene blir meir likeverdige. Samtidig skaper det moglegheiter til læring for begge partar. Flyktningane får språktrening og blir introdusert til norske ungdomsmiljø og lokalsamfunn. Dei norske får innsikt i erfaringsbakgrunnen til flyktningane, seier Berg.
Vidare involverer prosjektet både enkeltpersonar, grupper, lokalsamfunn og storsamfunn, slik at personar både får relasjonar til kvarandre og føler at dei høyrer til i lokalsamfunnet og ungdomsmiljøet.