Bygde-pride på Sunnmøre

I mai vert det for første gong eit Pride-arrangement i Ørsta og Volda. I ein fire dagar lang festival vert det fokus på skeive rettar, mangfald og glede.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er organisasjonen Ørsta/Volda Pride som arrangerer Bygdepride, som går av stabelen 10.–13. mai.

Arrangørane lovar parade, konsertar, kino og foredrag der alle, uansett kven dei er, er velkomne.

– Vi ønskjer å vise at Ørsta og Volda er eit lokalsamfunn som viser aksept og mangfald, og der alle skal kjenne seg heime. Ingen skal lenger kjenne at det er nødvendig å flytte fordi ein er annleis, seier leiar Anbjørn Steinholm Frislid i Ørsta/Volda Pride.

Ørsta/Volda Pride vart skipa i oktober, og har som føremål å fokusere på rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i bygdemiljøet. (©NPK)