Dramatisk kutt i støtta til Norsk Barneblad
Tidsskriftet Norsk Barneblad opplever opplagsauke, men den økonomiske støtta er kutta med nesten ein tredel på to år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
600.000 kroner i støtte frå Kulturrådet vart i fjor redusert til 500.000 og i år til 420.000.
– Det går ikkje, vi kan ikkje drive med underskot år etter år. Vi har ikkje kostnader å kutte. Portoen går opp, og det blir ikkje billegare å trykkje. Vi driv seriøst, ikkje dugnadsbasert, og fagfolk må honorerast skikkeleg, seier Nana Rise-Lynum, ansvarleg redaktør i Norsk Barneblad, til avisa Nationen.
Ho fortel at opplaget har auka dei siste åra.
– For aviser er pressestøtta sånn at dei får meir i statsstøtte når opplaget veks. For oss er det for tida motsett. Ungane vil ha bladet, men dei vaksne gjer det vanskelegare å drive, seier ho.
Norsk Barnebladet har dei siste åra søkt om 600.000 kroner i støtte frå Kulturrådet, det svarar til 20 prosent av omsetnaden. (©NPK)