Går til kamp mot piffikrydder og ferdigmat

Sigrid, Karina og Marthe har laga kokebok for studentar i kampen mot piffikrydderet. Sjå oppskrift!

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Målet vårt er å hjelpa studentar og ungdom elles å laga seg mat heilt på eiga hand, utan piffikrydder og ferdigmat, fortel Karina Kallevåg.

Me treff ho saman med kusina si Sigrid Kallevåg og Marthe Aga. Kokeboka har dei laga gjennom ungdomsbedrifta Pifii UB allereie før dei byrjar å studera til hausten.

– Men kvifor vil de piffikrydder til livs? Og kvifor meiner de at det er betre å laga mat frå grunnen av?

– Det er betre å laga mat frå botnen av då det er sunnare og billegare i lengda. Me ønskjer å oppfordra ungdom og andre til å bruka gode råvarer, og same ingredienser i fleire oppskrifter for å hindra svinn. Å velja råvarer foran ferdigposar gjer at ein ser kva ein stappar i kroppen sin. Det er lett å tru at ferdigposane er sunnare enn dei er, når ein vel å laga alt fra botnen av, ser ein kor mykje sukker og feitt det er i maten, seier Marthe Aga.

Vann to prisar

Tredjeklassingane på Bømlo vidaregåande skule har laga kokeboka gjennom ungdomsbedrifta Piffi UB. Totalt er dei åtte jenter og éin gut i bedrifta.

Sist veke vann dei to prisar under Utdanningsmessa på Stord, for beste utstilling og beste seljar.

Sigrid og Karina Kallevåg og Marthe Aga har så langt selt 100 kokebøker.

– Det er litt piff i oss, ler Karina.

LES OGSÅ: Saltbomber på norske middagsbord

Middag for éin

Medan mange kokebøker har oppskrifter for to eller fleire personar, er kokeboka Nåke godt laga for studentar som bur åleine på hybel.

– Me har 15 middagsrettar, og tre niste- og frukostrettar, fortel Sigrid.

I tillegg er det både sparetips, og tips til kva matvarer som bør vera på plass i kjøleskapet.

All maten har dei laga sjølv, i tillegg til tekst, bilde og grafisk arbeid.

Sjå oppskrift på fajitas med kylling her!

 

Sparetips

Elevane har òg samla sparetips:

  • Gå aldri svolten på butikken
  • Bruk fordelsprogramma til butikkane
  • Ta med pose på butikken
  • Bruk matvarer i fleire middagsrettar, slik at du slepp matsvinn. Det sparar både miljøet og hjelper deg å spara pengar.