Saltbomber på norske middagsbord

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saltbomber på julebord

Det går fram av ein gjennomgang Forbrukarrådet har gjort av mat som ofte hamnar på middagsbordet.

Saltinntaket vårt er i snitt dobbelt så høgt som det bør vere, viser Helsedirektoratets ferske rapport «Utviklingen i norsk kosthold». I gjennomsnitt får vi i oss 10 gram salt kvar einaste dag, medan maksimumstilrådinga er 5 gram per dag. Dette utgjer ei stor utfordring for folkehelsa.

LES OGSÅ: Forskar: Salt verre enn tobakk

Salt ferdigmat
Forbrukarrådets gjennomgang viser at ein med eitt enkelt måltid fort bikkar den tilrådde grensa.

– Vi har sett på ulike produkt innan ferdigmat, middag og julemat, og saltinnhaldet er gjennomgåande høgt. Dette blir ikkje betre når vi går inn i ein lang julesesong, seier direktør Randi Flesland i Forbrukarrådet i ei pressemelding.

– Vi er meir skuffa enn overraska over funna. Meir enn tre firedelar av saltet kjem frå bearbeidd mat. Då er det påfallande at matvareindustrien skryter av eigen innsats om redusert saltbruk, samtidig som vi ser at både gamle og nye produkt inneheld faretruande mykje salt, seier Randi Flesland.

LES OGSÅ: Usunn mat kan gi born angst

Merking
Forbrukarrådet ber styresmaktene om å setje forpliktande mål for å få ned saltinnhaldet i dei ulike produktgruppene.

Frå desember 2014 blir det obligatorisk å deklarere salt per 100 gram vare. Samtidig kan deklarasjonen framleis gøymast vekk på baksida av emballasjen.

– Så lenge merkinga ikkje er betre, er det vanskeleg å ta sunne og medvitne val. Ein form for fargekoding på framsida som viser om innhaldet av blant anna salt er høgt, middels eller lågt, vil gjere dette enklare, seier Randi Flesland.