Villmark 2 får USA-distribusjon

Vel 90 millionar amerikanarar kan no gjennom strøymetenesta Amazon Prime sjå den norske skrekkfilmen Villmark 2 med scener frå det nedlagde sanatoriet Harastølen i Luster i Sogn og Fjordane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 21.01.2018 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er heilt fantastisk, seier produsent Einar Loftesnes til NRK.

– Vi har laga filmen for at flest mogleg skal sjå han. No byrjar det å skje, seier Loftesnes, som no håper å nå mange horror-fans i filmlandet USA.

Vore på filmfestivalar i mange land

Delar av filmen, som i USA har fått tittelen “Villmark Asylum”, er òg spelt inn i Kaupanger, men det meste av handlinga speler seg ut rundt det digre mursteinsbygget i lia ovanfor Luster, som har stått tomt sidan 1990-talet.

Etter at filmen hadde premiere i Noreg i 2015, har han vore vist på filmfestivalar i mange land, mellom anna Tyskland, Japan, Taiwan, Vietnam og Canada. No står altså USA for tur.