Stor auke for nynorske faktabøker for barn
Aldri før er det gjeve ut så mange faktabøker på nynorsk for barn og unge som i år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På to år er talet på utgjevingar av nye, nynorske faktabøker for barn og unge firedobla frå 3 i 2015 til minst 12 i 2017. Det viser tal som Pirion og Framtida.no har henta inn frå dei største forlaga.
– Så strålande, seier direktør ved Norsk Barnebokinstitutt, Kristin Ørjasæter.
Ho har tidlegare påpeikt at det i fleire år har vore gjeve ut lite sakprosa for barn og unge på nynorsk.
– Dette viser at når ein tar fatt i statistikken, og dei som har makt til å gjera noko med dette blir klar over korleis det står til, så kan det skje noko, seier Ørjasæter fornøgd.
– Viktig med faktabøker på nynorsk
– Nokre barn er meir opptatt av faglitteratur enn skjønnlitteratur. Alle må få noko som interesserer dei, også desse barna. Det er eit utal av emne å gripa fatt i, understrekar Kristin Ørjasæter.
Samlaget står bak 10 av utgjevingane i år, medan Gyldendal har gjeve ut to faktabøker på nynorsk i 2017.
Sjå oversikten av alle bøkene på Framtidajunior.no!
LES OGSÅ: Leikar med personifiserte stamceller
Eit kollektivt løft
Dei siste to åra har det kome 19 nynorske faktabøker for barn på Samlaget.
– Det er viktig jobb me har, seier forlagsredaktør Therese Tungen i Samlaget.
– Målet vårt er å gi ut litteratur for alle, at alle har nok bøker å velje mellom på nynorsk. Frå før har me mange solide og gode skjønnlitterære bøker for barn. No vil me også laga fleire faktabøker for denne gruppa, seier ho.
Therese Tungen vedgår likevel at det er andre vilkår å gi ut faktabøker på nynorsk.
– Det er ei selektiv innkjøpsordning, og ikkje så lett å få så mange bøker i bokhandlarane. Difor bør dette vere ei kollektiv satsing, at alle gjer det dei kan, meiner ho.
LES OGSÅ: Meir enn ei dobling av lettlestbøker på nynorsk
Avslører glimt frå 2018-lista
Samlaget legg opp til å gi ut sju sakprosabøker for barn til neste år. Tre av desse i Leseland-serien Visste du at…? av Anna Fiske.
Vårlista er ikkje publisert enno, men Therese Tungen kan avsløra at forlaget òg kjem med fleire sakprosabøker neste haust, deriblant ei bok for barn mellom 3 og 6 år.
– For denne aldersgruppa er det svært lite i det heile tatt, lite på norsk og nesten ingenting på nynorsk, noko som også er ein viktig grunn til at både vi og forfattaren vil lage denne boka, seier ho.
Eva Thesen i Gyldendal fortel at forlaget førebels har planar om å gje ut éi sakprosabok på nynorsk til neste. Som Framtida.no tidlegare har skrive, har Anders Totland fått stipend til å skriva norsk slavehandel for barn.
I tillegg planlegg Gyldendal å omsetja to bøker til nynorsk i Lesebra-serien.
Dei andre store forlaga har førebels ingen planar om å gi ut nynorsk sakprosa for barn til neste år.
Få nyhendebrev med siste boknytt her!