Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veit du kven som eig ideane dine når du seier dei høgt?

Debatten om opphavsrett og intellektuell eigedom dreiar seg ofte om logoar, musikk og foto som spreier seg på nettet. Forskarar og oppfinnarar tar patent og innhald på nett skal krediterast.

Men kva om du blir bedt om å skrive analysar, idear og rapportar for ein arbeidsgjevar før eit jobbintervju? Kven eig eigentleg desse så snart du går ut frå jobbintervjuet?

— Idear er ikkje beskytta av opphavsrett. Det er fordi opphavsrett er eit formvern, det beskyttar den formen informasjonen blir gitt i, ikkje sjølve informasjonen eller ideen, fortel Irina Eidsvold-Tøien, førsteamanuensis i rettsvitskap ved BI.

Irina Eidsvold Tøien er førsteamanuensis i rettsvitskap ved BI. Foto: Finn Ståle Feldberg

— Ta med erklæring om teieplikt

Om du leverer frå deg dokument med arbeid, så står namnet ditt på arbeidet. Men du har likevel laga innhaldet for ei bedrift. Så kven eig dette, dersom kandidaten ikkje vert tilsett?

Eidsvold-Tøien oppmodar kandidatar til å ta med seg ei erklæring om teieplikt på intervjuet.

— Ideen i skissa bør vere karakterisert og skildra slik at ein kan framhalde dette på eit seinare tidspunkt om det dukkar opp mistenkeleg like prosjekt. Slike idear og skisser kan vere beskytta av marknadsføringslova og om vernet for forretningsrøyndomar. Men altså ikkje av opphavsrett, seier ho.

Juridisk nøtt

Ho får støtte frå Harald Irgens-Jensen, førsteamanuensis ved det juridiske fakultetet i Oslo. Han fortel at dersom bedrifta får vite om ideen, står ho i utgangspunktet fritt til å utnytte han, med mindre bedrifta har akseptert å ikkje utnytte ideen utan samtykke.

— Det er ei spennande problemstilling, og ei juridisk nøtt. Som hovudregel vil eg seie at idear til forretningskonsept, produktlanseringar, kampanjar og så vidare ikkje er verna av opphavsretten. Det er altså ingen som eig dei.

Harald Irgens-Jensen, førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

Kandidaten kan kanskje hevde at ideen er hennar bedriftsrøyndom, og at bedrifta av den grunn ikkje kan utnytte han utan samtykke. Generalklausul i paragraf 25 forbyr handlingar som strir mot god forretningsskikk.

Skal kandidaten vere nokolunde sikker på å vinne fram eit slikt grunnlag, bør ho få bedrifta til å akseptere erklæringa før dei får tilgang til ideen.

— Og det er jo ikkje lett for ein kandidat å insistere på når ein søker jobb.

Gratisarbeid

Irina Eidsvold-Tøien fortel at gjenbruk av andre sitt materiale ikkje er lov, og at det derfor er viktig å ha bevis på at dette kjem frå ein sjølv.

— Korleis kan ein sikre at bedrifter ikkje inviterer personar dei ikkje er interesserte i å tilsette, berre for å kunne ta nytte av arbeidet kandidaten har lagt inn?

— Det kan dei ikkje. Det er derfor viktig å kunne stadfeste at materialet stammar frå jobbsøkaren, og det kan ein gjere gjennom ei erklæring om teieplikt som blir signert på intervju, der prosjektet er skildra.

I USA er det fleire døme på konfliktar om steling av idear, men det er generelt lite snakka om kva som skjer med ideane i ein jobbsøkarprosess. I verste fall kan bedrifter lyse ut eit stilling til ein jobb som ikkje finst, berre for å få inn gratis arbeid.

— Er det lause idear kan den potensielle arbeidsgivaren bygge vidare på det. Er ideane meir konkrete kan ein nytte reglane i marknadsføringslova om ulovleg etterlikning næringsdrivande imellom, men det fordrar at den jobbsøkande er næringsdrivande, seier Eidsvold-Tøien.