Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I april la Kulturdepartementet fram sitt forslag til ny åndsverklov. No har den norske musikkbransjen sparka i gang ein kampanje mot forslaget, som dei meiner undergrev moglegheita artistane har til å få betalt for musikken dei lagar.

Odd Nordstoga, Marit Larsen, Moddi, Stein Torleif Bjella og Kaja Gunnufsen er nokre av dei mange artistane som i dag har delt videoar utan musikk i det dei kallar «ein stille protest» mot lovforslaget.

«Ingen skal kødde med åndsverksloven og retten til eigarskap for eige arbeid», seier Bjella. Fleire andre spør retorisk om korleis samfunnet ville ha vore utan musikk.

Les også intervjuet med Odd Nordstoga: – Godt å ikkje berre vera følsam i lilla sjal

Nordstoga utbroderer synet sitt slik, i eit innlegg som raskt har blitt likt av eit par tusen Nordstoga-fans og delt av fleire hundre:

Me komponistar og tekstforfattara har, slik det er i dag, rett til å eige våre eigne songar. Det høyrest kanskje rimeleg ut? Når eg då lagar ein song til til dømes NRK, la oss sei den songen heiter “Ein farfar i livet”, så eig eg den songen. Ikkje innspelinga, men åndsverket – orda, tonane. Det vil seie at eg får litt betalt kvar gong eg eller nokon andre spelar den songen offentleg gjennom TONO. Det som står på spel om dagen er at ei ny lovgjeving vil snu på dette. Den nye lova vil at NRK skal hyre meg til å lage “Ein farfar i livet” til ein TV-serie, gje meg eit honorar for det og så skal dei eige den låten om ikkje anna er avtalt. Produksjonselskap skal få profitten på pengane dei har investert – er ikkje det rimeleg? Nei det er ikkje rimeleg, og her er eit par grunnar til det: For det fyrste så har du som komponist allereie budsjettert med dei uvisse TONO-intektene og takka ja til ei heller mager kontrakt med von om at det skal generere pengar på sikt. For det andre er det slik at den eine tingen eg er litt god på. Det eg kan som ikkje sjefen i Monster entertainment, Disneysjefen eller sjefen på Universal music kan, det er å lage ein song, lage noko ut av ingenting. Det er dette opphavsretten vernar. Den evna, det talentet. Kvifor? Mellom anna fordi ingen veit på førehand kva kunstverk som kan generere pengar – men det er svært sjeldan kunstnaren sjølv som har råd til å la vera å la seg kjøpe seg ut. Alle skynar at det ikkje kan vera slik at Therese Johaug får fyrstepremie og så går sjefen i Norsk Skiforbund opp på pallen og tek imot pengepremien. Slik skynar eg at det heller ikkje kan vera i musikken og kunsten og det vonar eg også at Stortinget forstår. www.utenmusikk.no #utenmusikk

Posted by Odd Nordstoga on 10. mai 2017

 

– Å sikra eit sterkt vern av rettigheiter til eige verk er eit klart premiss for regjeringa sin politikk, som legg til rette for utvikling av kreative næringer, sa kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) i ei pressemelding då forslaget til ny åndsverklov blei lagt fram.

Les også intervjuet med Moddi: Sensur på livet laus

Artistorganisasjonen GramArt og NOPA (Norsk forening for komponister og tekstforfattere), som saman står bak kampanjen #utenmusikk, meiner likevel at lovforslaget gjer det vanskelegare for artistar, komponistar og tekstforfattarar å kunna leva av andsverka sine.

– Kva hjelper det med store, politiske visjonar om kultur som næring, når det ikkje er nokon rettigheiter igjen å tena pengar på?, spør organisasjonane på nettsida for kampanjen.

Dei håper på å overtyda politikarane på Stortinget, som etter planen skal ta stilling til den nye åndsverklova i juni.

LES OGSÅ: Bli med Odd Nordstoga bak scenen i Operaen!