NPK-NTB
NPK-NTB

Den mykje omtalte paragraf 71 innebar at opphavsretten til eit kunstverk kunne gå til arbeidsgivaren og ikkje kunstnaren sjølv. No stryk Stortinget denne paragrafen, skriv NRK. I ei pressemelding seier Høgre at forslaget ikkje «i stor nok grad har gitt uttrykk for opphavspersoners rettigheter».

Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) har òg komme med ein fråsegn. Ho skriv på Facebook-sida si at ho støttar strykinga av paragrafen.

– Min intensjon har heile tida vore å gjere kvardagen til kunstnarane enklare, meir føreseieleg og med større moglegheit til eiga inntening. Ettersom det ikkje har vore meininga å endre praksis eller politikk på området, er det heller ikkje vanskeleg å støtte at paragraf 71 ikkje blir vedtatt, skriv ho vidare.

I paragrafen heitte det at «opphavsretten til et verk blir overdratt til arbeidsgiver dersom den skapende kunstneren er i et ansettelsesforhold».

Fleire norske artistar mobiliserte tidlegare denne veka mot lovforslaget med kampanjen #utenmusikk. Fleire artistar, blant andre Bjørn Eidsvåg, Ingrid Olava og Marit Larsen, fjerna musikken frå musikkvideoane sine for å setje søkjelyset på kor viktig åndsverklova er for artistane.

Les meir om artistkampanjen: Odd Nordstoga vil framleis ha betalt for musikken sin

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE