Stipend til Daniel Kvammen og Sigrid Raabe
Sigrid Solbakk Raabe, Daniel Kvammen, Inger Helene Håvik i Highasakite og Fredrik Saroea i Datarock har alle fått Gramarts nye Artiststipend på 250.000 kroner kvar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det har òg Tor-Arne Vikingstad i Sløtface, Erlend Ropstad, Merete Pascual og Black Debbath-gitarist Aslag Guttormsgaard.
- LES OGSÅ: Vi vil endre verda
Det flunkande nye stipendet skal etter planen delast ut til fire artistar kvart år framover, finansiert med pengar frå vederlagsorganisasjonen Norwaco. Denne gongen fann likevel Gramart grunnlag for å plukke ut ikkje mindre enn åtte stipendvinnarar blant i alt 103 søkjarar.
- LES OGSÅ: Highasakite slår sprekker
– Responsen og nivået førte til at vi i det første året for stipendet valde å dele ut heile åtte stipend, fleire enn det vi først hadde tenkt. Derfor gratulerer vi hjarteleg dei åtte norske artistane som blir dei første som får Artiststipendet, seier styreleiar Christian Wadahl Uhlen i Stiftelsen GramArts Fond for norske fonogramartister.