Millionstøtte til biblioteka
Norske folkebibliotek får neste år 14 millionar kroner frå Nasjonalbiblioteket til å utvikla biblioteka som møteplassar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Gjennom Nasjonal bibliotekstrategi vil vi satsa på å utvikla folkebiblioteka som møteplassar, kulturinstitusjonar og arenaer for samtale og debatt, læring og demokrati, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding.
Det er tredje gongen sidan den nasjonale bibliotekstrategien blei vedteken at det blir løyvd såkalla arenamidlar til biblioteka. Støtta i denne runden går til 142 tiltak i alle deler av landet.
Sidan 2014 har Nasjonalbiblioteket delt ut over 70 millionar kroner til utvikling av folkebibliotek i 335 kommunar. Det svarar til to tredelar av kommunane i landet.
- LES OGSÅ: Dei unge sviktar folkebiblioteka
Både kulturministeren og avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand seier dei ser tydelege resultat av satsinga.
– Vi opplever ei tydeleg nivåheving når det gjeld arrangement i biblioteka, med ein sterk auke i mengda arrangement og meir profesjonelt forma arrangementseriar. Dette ser vi som eit teikn på at biblioteka utviklar seg i tråd med målet i bibliotekstrategien, seier Tinnesand.
I februar neste år blir det nye tildelingar med støtte til utviklingsprosjekt i biblioteka.
- LES OGSÅ: Leseglade barn og bøker på hjul