Ungdom mellom 16 og 24 har brukt biblioteket mindre og mindre dei siste 25 åra.

NPK-NTB
NPK-NTB

Frå 2004 til 2016 var folkebiblioteka den kultursektoren som opplevde størst nedgang, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

SSBs kulturbarometer 2016 viser blant anna at delen barn og unge som brukte folkebiblioteka, minka betydeleg frå 1991 til 2016, skriv Minerva.

– Tala viser tydelegare enn nokon gong at ei av dei viktigaste målgruppene til biblioteka sviktar. Då må dei utvikle strategiar for å halde på dei unge, og det må dei må klare for å halde oppe eigen legitimitet, seier kulturforskar Georg Arnestad ved Høgskolen på Vestlandet. Han meiner digitalisering er forklaringa på dei store endringane.

I 1991 var delen barn i alderen 9 til 15 som brukte biblioteka i løpet av eit år, 76 prosent. I 2016 var delen 68 prosent. Blant dei mellom 16 og 24 år gjekk delen ned frå 62 til 46 prosent i same periode.

Den første gruppa besøkte i gjennomsnitt biblioteket 11,2 gonger i 1991 mot 5 gonger i 2016. For den eldre aldersgruppa gjekk talet ned frå 8,9 til 4,1 gonger.

Biblioteka kan likevel gle seg: Rekordmange bibliotekbesøk i 2015

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE