I bokhylla med Mímir og Sofie: – Det var som ein orgasme inni hjernen

Dei bokaktuelle Raudt-politikarane har eit vidt spenn i bøkene som har forma dei.

Einar Nygaard
Publisert

– Viss eg har ein god dag, er eg mest som Robin Hood. Viss eg har ein dårleg dag, den bortkomne sonen frå Bibelen, skriv Mímir Kristjánsson i ein e-post til Framtida.

Sambuar Sofie Marhaug, veit ikkje heilt kva bokkarakter ho kjenner seg igjen i.

– Noko av det fine med å lese bøker, er jo at ein kan flykte frå seg sjølv. Men eg er veldig glad i bøkene til Dag Solstad. Kanskje er det fordi eg kjenner meg att i nevrosane til nokre av dei litterære personane der.

Lesehestar

Marhaug og Kristjánsson er aktuelle med boka «Sosialistenes guide til Bibelen».

Raudt-paret har lese heile det nye testamentet, og i boka deira kjem dei med sine betraktningar om Bibelen og bodskapen.

Kanskje ikkje overraskande er begge to flittige lesarar, sjølv om det er Kristjánsson som les mest.

– Eg les temmeleg nøyaktig 52 bøker i året. Kanskje pluss to til tre titlar. Det er berre å sjå på kalenderen, så skjønar ein logikken, skriv han.

Marhaug veit ikkje det konkrete talet.

– Men ikkje så mykje som Mímir, eg har ikkje eit måltal. Kanskje femten–tjue bøker?

Les på do

Marhaug les aller mest i feriar.

– I kvardagen blir eg så ukonsentrert på grunn av alt som skjer i politikken. Så eg les mest når eg har fri, så ofte på reise eller heime i stua.

For Kristjánsson, som les ei bok i veka, er det kanskje ikkje overraskande at det blir lesing i dei ledige stundene han får.

– Eg les på do. Der kan eg bli sittande til Sofie bankar på og lurar på om alt er bra med meg.

Meiner krim er undervurdert

Marhaug likar best skjønnlitterære bøker.

– Helst triste bøker, viss det gir meining å snakke om.

Kristjánsson synest han les for mykje sakprosa.

– Men eg har det betre når eg les skjønnlitterære bøker, skriv han.

– Kanskje aller helst historiske romanar. Eller krim, faktisk.

Kristjánsson meiner krim er kronisk undervurdert som sjanger.

– Jo Nesbø er til dømes ein glimrande forfattar. Men enda meir undervurdert i si tid var kanskje Jon Michelet, som aldri fekk den litterære anerkjenninga han fortente, trass i at han var ein pioner når det gjaldt å introdusere samfunnskritisk krim i Noreg.

Frida (Innbundet) - Bokia.no

Omslag: Aschehoug

Og i å utvikle fotballboksjangeren, legg han til.

Marhaug trekkjer fram Torun Lian som ein undervurdert forfattar.

– Ho har skrive utruleg gode ungdomsbøker med eksistensiell nerve, som til dømes Bare skyer beveger stjernene, Ikke naken, ikke kledt og ikkje minst Frida med hjertet i hånden. Dei kan ein like gjerne lese som vaksen.

Lever opp til klisjeen

Begge dei to Raudt-politikarane blei lesne for som barn.

Kristjánsson hugsar godt peikebøkene til Richard Scarry, som til dømes Alt de gjør i Travelby. 

Omslag: Gyldendal Norsk Forlag AS

– Dei blei lesne på både norsk og islandsk heime hjå oss, og eg les dei sjølv no for dei to jentene mine.

– Eg hadde eldre sysken, så dei las kanskje litt tunge bøker. HobbitenRingdrotten og Greven av Monte Cristo, er nokre av dei eg hugsar i farta, skriv Marhaug.

Seinare, i ungdomsåra, hugsar ho særleg ei bok som gjorde inntrykk.

Stormfulle høgder. Den las eg fyrste gong då eg var femten. Det er ei utruleg destruktiv kjærleikshistorie, men boka er mykje meir enn det òg. Difor har eg lese ho mange gongar sidan. Eg blir ikkje lei. Opningssetninga er talande, sånn sett: «I have just returned from a visit to my landlord – the solitary neighbour that I shall be troubled with.»

Skulle du prøve å gjette kva for bok som gjorde inntrykk på Kristjánsson, har du gode odds om du går for magekjensla.

– Det vert jo heilt klisjé dette, men det ærlege svaret er Det kommunistiske manifest. Det var som ein orgasme inni hjernen, om det er lov å seie.

Kontroversiell biletbok

 

– Då eg las Kompani Orheim av Tore Renberg, sat eg faktisk offentleg og strigrein på flytoget. Men eg byrjar fort å grine av bøker, skriv Kristjánsson.

Likevel byrjar han veldig sjeldan å le av bøker.

– Men eg lo nyleg ganske mykje og skadefro av ei bok eg las om Hillary Clintons mislukka valkampanje i 2016.

For Marhaug var det Sin egen herre av Halldór Laxness som fekk fram tårene.

– Meir spesifikt det kapittelet som kjem midt i boka, som på norsk har fått tittelen «Verden». Det er så utruleg vondt, men eg skal ikkje avsløre kvifor.

På nattborda til paret ligg to bøker:

Ali Jones Alkazemis Jeg, en kristen-muslimsk ateist og Mustafas kiosk av Jakob Martin Strid.

Mustafas kiosk er ei biletbok med barnerim som ikkje er så politisk ukorrekt som det erkedanske omslagsbiletet gir inntrykk av, seier Kristjánsson.

Mustafas kiosk

Omslag/illustrasjon: Jakob Martin Strid

Skulle ønskje dei hadde skrive eit meisterverk

– Kva bok er de rykande ueinige om?

– Båe likar godt Disgrace, men vi har av ein eller annan grunn brukt ein ferie på å krangle mykje om boka. Vi hugsar faktisk ikkje heilt kva krangelen gjekk ut på, men la oss seie at boka opnar for tolking, skriv dei.

Likevel er dei heilt einige om at om det er ei bok dei skulle ønske dei hadde skrive, måtte det ha vore ei av verdas beste bøker:

– Kva med Moby Dick?

Dei to likar bøker ein kan la seg rive med av eller bli overraska over.

– Anten det er sakprosa eller skjønnlitteratur, er det fint om det er noko som står på spel og at forfattaren gjer det mogleg å leve seg inn i personane dei fortel om. Vi er dessutan samde om at eitt litterært grep er undervurdert i samtidslitteraturen, og det er rammeforteljing. Tenk berre på Heart of Darkness, Moby Dick, Frankenstein, Stormfulle høgder og så bortover. Når og kvifor gjekk dette av moten?

– Kva forfattar – død eller levande – ville de invitert på middag?

– At du har skrive stor litteratur er ikkje det same som at du er kjekk å ha på middag. Her kunne vi jo valt mellom nokon som har levd «eit vilt og poetisk liv» eller nokon vi faktisk trur det er kjekt å vere med. Skulle vi valt det første, kunne vi kanskje valt Ernest Hemingway eller Torborg Nedreaas. Skulle vi invitert nokon vi faktisk trur det er kjekt å vere med, verkar Jan Kjærstad som ein veldig grei og hyggeleg person.