Nordmannen
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Boda er så stappa full
av ting ein treng, og kle med hull
Til UFF gir eg alt eg ikkje vil ha
det er så snilt, nokon ein gong sa
Vatn er godt for kropp og sjel,
plasten frå flaska blir middag for ein sel
Om verda ønsker eg å lære
eg trur eg har høyrt at isbjørnen snart manglar stad å vere?
Skiføre høyrer vinteren til
og på sumaren eg til Granca vil
Brunost på menyen er eit krav
om den så må reise over dei sju hav
Campinglivet er veldig flott
sjølv om nabo´n han er ein fjott
han kasta ein heil qtips i do
ein sjøhest ber rundt på den no
Eg køyrer aldri bilen utan grunn
eg trur verkeleg kyllingen frå Sverige er ekstra sunn
Bompengar er det verste eg veit
Eg trur eigentleg ikkje jorda er så heit
Eg er veldig klimabevisst,
eg vurderte å stemme MDG sist
Det blei nok Høgre i år óg
så mange fordelar eg der såg
Alle må liksom ta i eit tak
Det er jo for ei god sak
Redde planeten er kanskje lurt
men å ofre mykje er litt surt