Forureininga i verda har stige med omlag to prosent, melder NRK.no.
Totalt vil karbonutslepp frå fossile kjelder og industri kome opp mot 37 milliardar tonn før året er omme. Det er ny rekord.
Kina har auka utsleppa med 3,5 prosent. I Kina kjem mykje av energibruken frå kolkraftverk, som fører til store utslepp av CO2 og gir svært dårleg luft.
Det er NRK.no som fyrst omtala denne saka.
- LES OGSÅ: Veit ikkje kor mykje kol Kina bruker
Denne saka var først på trykk i Framtida Junior.