Nynorsk + minoritetsspråk = bra

Holmlia skole i Oslo har erfart at minoritetsspråklege elevar er ein ressurs for nynorskunderviosninga.

Framtida
Publisert
Oppdatert 14.11.2017 18:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det som kjenneteiknar minoritetsspråklege elevar er at dei er svært språkleg kompetente og bevisste, og er motiverte for å lære fleire språk. I tillegg har dei færre kulturelle fordommar generelt og spesielt mindre innlærte fordommar mot nynorsken. Det fortel lærar Pål Wiik ved Holmlia skole, ein Oslo-skole kor 70 prosent av elevane er minoritetsspråklege.

– Desse barna og ungdommane vekslar mellom å snakke norsk og morsmålet sitt, utan å blande dei. Ofte beherskar dei fleire framandspråk i tillegg til norsk.

Wiik meiner skulen må nytte seg av at desse elevane er språkmektige. For nynorsken sin del bør det og slå positivt ut at desse elevane ikkje har fått dei same haldningane til språket med seg heime frå og frå samfunnet elles, meiner han.

Holmlia skole har jobba med prosjektet Sidemålsløftet sidan 2005 og har gode erfaringar med nynorskundervisning i skuleklassar kor den språklege variasjonen er stor.

Testar som blei gjort av åttandeklassingane på Holmlia i 2007 viste at minoritetsspråklege elevar skåra nesten like bra som dei andre elevane på nynorsktestar.