611 born og 2.759 ungdomar offer for våpenvald i USA hittil i år
14 år gamle Annabelle Renee Pomeroy blei drepen og ein 2-åring skada under gårsdagens skyting i Texas.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
2.759 ungdomar offer for våpenvald i USA i år
Hittil i år har 611 born og 2.759 ungdomar i USA mista livet eller vore skada som følgje av våpenvald. Offer i aldersgruppa 0 til 11 år er rekna som born, mens ungdomar er mellom 12 og 17 år gamle.
Dei siste registrerte offera var begge i kyrkja First Baptist Church i Sutherland Springs, Texas, då 26 år gamle Devin Kelley angreip med skytevåpen. 14 år gamle Annabelle Renee Pomeroy blei drepen, og ein 2-åring skada.
Gårsdagens angrep er nummer 307 i rekka av registrerte masseskytingar i USA i år. Det tilsvarer berre tre dagar hittil i år utan masseskyting.
Det viser statistikk frå nettstaden Gun Violence Archive, som hentar laupande informasjon frå media, politiet og offentlege og kommersielle kjelder. Dei har også interaktive kart som visar stader der born og ungdom har vore innblanda i skyteepisodar.
FÅ OGSÅ MED DEG: Når terroren råkar – igjen og igjen