Kva kan skjønnlitteraturen gi oss?

Felix L. Hammond
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For meg har skjønnlitteraturen vore som ein tredje forelder. Frå eg lærte å lese i barnehagen, slukte Harry Potter på skulen i andre klasse og gjenoppdaga magien i Eragon i fjor, har eg verkeleg elska å lese skjønnlitteratur. Å lese bøker har gitt meg nokre av de største gledene eg har følt, så eg skulle verkeleg ynskje at ungdommen las meir.

Før sommarferien i år, begynte eg å lese ein boksyklus av Christopher Paolini kalla «Arven». Dette er ein serie eg fyrst las da eg var ti år gamal, så no var det på tide å lese den på nytt. Bøkene omtalar guten Eragon på 15 år som finn eit drageegg i skogen. Når egget klekkjer, blir han introdusert for ei heilt ny verd med drakar, riddarar og ein vond konge.

Kjenslene eg får når eg les bøker er den største grunnen til at eg les. Spenning, glede og sorg er spesielle kjensler, men det er ikkje de som får meg til å bli heilt hekta på bøker som «Arven». Det er lengselen eg føler. Når eg skriv lengsel, meiner eg ikkje at eg lengtar etter å fly på ein drake, sjølv om det absolutt hadde vore stas. Eg snakkar om den skjulte meininga med bøkene – temaa og symbolikken.

Å lese skjønnlitteratur forandrar livet mitt for kvar bok eg les.

Ved første augekast har Eragon alle eigenskapane til ein klassisk bildungsroman. Den titulære ferda til den unge hovudpersonen byrjar med at heile livet hans blir lagt i kaos da han finn eit drakeegg. Eragon må saman draken Safira og historieforteljaren Brom. I boka blir det lagt mye fokus på utviklinga av Eragons identitet, korleis han ynskjer å vite kven har er og å finne sin plass i verda. Det at Eragon er på same alder som meg, og at eg også ynskjer å finne meg sjølv, gjer at eg verkeleg kan relatere til denne boka. I denne boka handlar ikkje lengselen om å leve Eragons liv, den handlar om Eragons situasjon.

Å kunne flykte til ei anna verd er ein anna grunn til at eg elskar å lese. Når eg kjem heim frå skulen er det fantastisk å kunne gløyme verda rundt meg og fordjupe meg i ei fantasybok. For meg er dette sjølvsagt avslappande og underhaldande, men for andre kan dette vere mye viktigare. Viss du er ein som slit med psykiske problem som angst eller depresjon, kan skjønnlitteratur vere som ei livbøye å halde seg fast i. Å kunne leve seg inn i ei anna verd er ei fantastisk måte å gløyme sine egne problem.

Å lese skjønnlitteratur forandrar livet mitt for kvar bok eg les. Skjønnlitteratur gir oss evne til kritisk tenking, forbetrar kommunikasjonen med andre menneske fordi å lese utvidar ordforrådet, og han gir oss innsikt i andre menneskes kjensler og tankar. Sjølv om dei kan få alle erfaringane og kunnskapen eg har skrive om, les alt for få av dagens ungdom. Derfor håper eg at skjønnlitteraturen ikkje forblir noko for berre ei intellektuell elite, men at det blir noko som alle uansett yrkesgruppe, aldersgruppe eller bakgrunn kan finne glede i.