Ber om skjerpa språkkrav for TV2

Kringkastingsringen meiner det er sjølvsagt at TV2 framleis skal ha krav til at kanalen må bruka både nynorsk og bokmål.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag gjekk fristen ut for å søkje seg til ny allmennkringkastaravtale, med TV 2 som einaste søkjar. Regjeringa jobbar mot å inngå avtalen om kommersiell allmennkringkasting i desember.

Kringkastingsringen tek det som sjølvsagt at avtalen i det minste kjem til å innehalde eit språkkrav om å nytte begge målformene, denne gongen som sist. Men me meiner at kulturministeren ser at denne kommersielle allmennkringkastaren bør ha strengare og meir spesifikke språkkrav retta mot seg.

– Det er ingenting i vegen for at TV 2 ikkje skulle hatt like strenge krav til bruk av nynorsk, som NRK, seier styreleiar Guro Kvalnes i ei pressemelding.

Gjennom nesten 25 år har TV 2 vore ein kommersiell allmennkringkastar, og dei har aldri fått kritikk av Medietilsynet for å ikkje oppfylle kravet om å nytte begge målformene. Nettopp fordi dei alltid har nådd dette målet. Kanalen har hatt sterke nynorskprofilar på skjermen og hatt gode tradisjonar for dialektmangfald.

Kravet i dei gamle konsesjonsavtalane har berre retta seg mot hovudkanalen til TV 2. Media forandrar seg, og tida er mogen for å skjerpe krava.

– Ein må få eit krav om å nytte nynorsk på alle plattformer TV 2 nyttar til formidling, i takt med medieutviklinga, held Kvalnes fram.

Skal ein kunne oppfylle det fjerde allmennkringkastingsprinsippet om å styrke norsk språk, identitet og kultur, kan ein ikkje konsekvent velje vekk den eine målforma på nett eller andre formidlingskanalar.

– Ein må nytte språka våre på alle plattformer. Det må regjeringa sikre at ein kommersiell allmennkringkastar gjer, avsluttar Kvalnes.