Framtida.no har passert ein halv million brukarar

Rekord for Framtida.no.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 18. september passerte Framtida.no ein halv million brukarar så langt i år. Det er ny rekord for nyhende- og debattavisa for unge.

Til samanlikning hadde Framtida.no noko over 475.000 brukarar i løpet av heile 2016.

– Dette er veldig kjekke tal. Det viser at journalistikken vår blir lagt merke til, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker.

40 prosent auke

Talet på sidevisingar så langt i år har auka meir enn 40 prosent samanlikna med same periode i fjor. Også talet på daglege og vekenlege brukarar er stigande.

Dei siste dagane er det den sterke historia om Victoria Hauge Arnesen (23) som mista kjærasten i fjor som har fått mange lesarar. Så langt er intervjuet lese over 54.000 gonger. Det er dermed den mest lesne saka til Framtida.no nokon gong.

Journalistar i tre byar

Denne saka er skrive av journalist Elise Løvereide, som skriv for Framtida.no og Magasinett frå Bergen. Ho står òg bak det som no er den nest mest lesne saka i Framtida.no, det meir morosame portrettet av Dangfart Tønnessen.

Elles i Framtida.no-redaksjonen jobbar no Runar B. Mæland, Ragnhild Sofie Selstø, Arnt Olav Foseide og Christian Wiik Gjerde frå Oslo. På Stord-kontoret sit redaktør Svein Olav B. Langåker saman med journalist Janne Nerheim.