Det likesæle mennesket

Anders Aanes, dokumentasjonsansvarleg i Ivar Aasen-tunet
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Først publisert i bloggen til Aasentunet.no.

Det er mykje snakk om retorikk i valkampen, og kanskje spesielt retorikken til sambygdingen min Sylvi Listhaug, som dei fleste andre partia meiner set grupper opp mot kvarandre og skaper splid og unødige motsetningar i samfunnet. Her har sjølve retorikken blitt eit diskusjonstema – korleis ein snakkar om folk.

Sanninga er at dei fleste partia er blitt samde om innvandringspolitikken gjennom eit breitt forlik. Semja blir difor tilslørt av retorikken.

For retorikk speler ei stor rolle – korleis vi ordlegg oss, at tonen er respektfull, og ikkje minst at saksinnhaldet kjem greitt fram. Og det er altså ikkje berre Listhaug som får passet sitt påskrive. Inntrykket mitt er at folk meiner politikarane snakkar i munnen på kvarandre, er tåkefyrstar, for opptekne av detaljar, og så vidare. Stemplinga av politikarar som kranglebøtter gjer nok at langt dei færraste ser for seg å gå inn i desse viktige jobbane i samfunnet vårt.

Imponert over politikarane

Sjølv har eg alltid likt å følgje med på politikken. Lytte til politiske debattar, la meg fasinere av korleis nokre politikarar ordlegg seg for å sno seg unna eit konkret svar, medan andre imponerer med korleis dei klarer å få sagt noko så tydeleg med så få ord.

Somme klarer til og med å sjå audmjuke ut, samtidig som dei avdekkjer politikken til mostandaren.

Ikkje minst undrar eg meg over kvar ein tek energien og engasjementet frå i år etter år. I den samanhengen er det også tydeleg å sjå skilnaden på dei som blir kasta ut i dette spelet utan noko særleg røynsle, og som sveittar og stotrar fram argument i beste sendetid.

Akkurat dét kan vere vondt å både sjå og høyre på.

Liv og lærdom

Talegåver er viktige i politikken. Ein kjem ikkje unna det, og slik har det vore sidan antikken. Men, ei vellykka retorisk handling er som kjent sett saman av fleire komponentar. Det er ikkje berre patos (kjensler) og logos (sakens innhald), men også etos (truverdet til talaren). Kjensler er det mange som speler på, men om det er stor avstand mellom liv og lærdom blir du raskt avkledd som politikar.

For Jonas Gahr Støre er det eit problem at han har arva ein stor formue. I seg sjølv er det ikkje eit problem, men det blir eit problem fordi han representerer Arbeidarpartiet. Hadde han representert Høgre, hadde ikkje dette vore eit tema. Paradokset er at Erna Solberg truleg er meir populær fordi ho har ein meir folkeleg bakgrunn enn Støre, samtidig som ho representerer det som tradisjonelt har vore borgarskapet og næringstoppane sitt parti.

Det kan synest som det er meir tabu å vere rik og meine at små skilnader i samfunnet er bra, enn då å ha kjempa seg opp og fram i eit parti som ikkje alltid har hatt små skilnader som toppsak.

Det er lite vi kan gjere med bakgrunnen vår og kven foreldra våre er, og eg håper vi klarer å sjå forbi dette i siste delen av valkampen. Eg håper vi klarer å sjå på innhaldet og ideologien til partia i staden.

For sjølv om det er mykje vi blir samde om her i landet, så er det skilnader på partia. Politikarane og dei andre menneska på grasrota, som gidd å stå på i år etter år, gjer det dei kan for å fortelje om denne politikken som dei synest er så viktig.

Då synest eg ikkje vi andre skal sitje framfor fjernsynsapparatet og stønne fordi der er litt engasjement.

Set deg heller inn i saka, og røyst på den du er mest samd med.

For likesæla er ingen samfunn tent med.